Hopp til innhold

Siste ferjetur minutt for minutt

Torsdag la ferja «MF Fjordveien» frå kai i Skudeneshavn for aller siste gong. Her kan du bli med på den historiske reisa minutt for minutt.

MF Fjordveien minutt for minutt

Torsdag 5. september hadde MF «Fjordveien» si siste reise frå Skudeneshavn til Mekjarvik.

Ei 43 år lang ferjehistorie i Rogaland er over. Torsdag 5. september hadde MF «Fjordveien» si siste reise frå Skudeneshavn til Mekjarvik.

Med tre kamera dokumenterte NRK Rogaland den historiske sjøreisa minutt for minutt. Ei miniutgåve av Hurtigruta minutt for minutt med andre ord.

Her kan du sjå heile overfarten på 1 time og 20 minutt med kommentar og intervju undervegs.

Ferja har vore ein stor del av livet mitt. Eg traff også kona mi om bord.

Per Bjelland

Trefte kona om bord på ferja

Historia til Skudenesferja tok til i 1970, då med ferjerute til Stavanger med ferja MF «Skudenes». Frå 1978 gjekk sambandet mellom Skudeneshavn og Mekjarvik.

Per Bjelland

Per Bjelland, pensjonert styrmann.

Foto: Magnus Stokka

Ein av dei som kjenner godt til ferjehistoria er den pensjonerte styrmannen Per Bjelland. Han var om bord på ferja til Skudeneshavn frå slutten av 1970-talet og var styrmannen «alle» kjende om bord.

Han seier at ein del av kulturen på Sør-Karmøy nå er borte.

– Ferja har vore ein stor del av livet mitt. Eg trefte også kona mi om bord, så alt har noko med denne ferja å gjera, seier han.

(Artikkelen held fram under bildeserien).

Store protestar

Nedlegginga av ferja til Skudenes har ikkje gått stilt føre seg. Mange har protestert og underskriftskampanjen mot nedlegginga fekk heile 3500 signaturar.

For sjølv med betra vegsamband mellom Karmøy, Tysvær og Haugesund med t-sambandet, blir reisa til Stavanger lenger for folk på Sør-Karmøy via Arsvågen-Mortavika enn med ferja.

Olav Nubdalseng

Olav Nubdalseng, kaptein «MF Fjordveien».

Foto: Magnus Stokka

Bjelland begynte sin protest for over 20 år sidan, då det første gong blei snakk om nedlegging. I dag vel han likevel å akseptera at ferjeepoka er over.

– Det er vanskeleg å svelgja, men du må berre akseptera at dette er morgondagen. Dersom me set hovudet i sanden som strutsen, skjer det ingenting. Nå må me vera vaksne og finna vegen framover, seier ferje-veteranen.

Vêrhardt over Skudefjorden

Det er mange historier etter at eit 43 år langt ferjekapittel er avslutta. Om velta potetlaster, glas i tusen bitar og ikkje minst folk som blir sjøsjuke og treng trøyst av mannskapet. For det kan vera vêrhardt over Skudefjorden.

– Den har vore tilfelle på vinteren der me har sløyfa avgangar, fortel kaptein Olav Nubdalseng.

Kor mange spyposar som har gått med i løpet av åra er uvisst. Men det er nok mange. Sjølv på ein roleg dag med lite sjø kan det vugga godt over fjorden.

Men nå er det altså slutt og turen med MF «Fjordveien» frå Mekjarvik stoppar på Kvitsøy.

Det har vore tilfelle på vinteren der me har sløyfa avgangar.

Olav Nubdalseng, kaptein MF "Fjordveien"