NRK Meny
Normal

Silda er for mager

Dårleg kvalitet på den norske silda har gjort at nederlendarane må utsetja den årlege matjessild-festivalen sin.

Sild

site:nrk.no Den kalde vinteren gjer at sesongen for matjessild framleis ikkje er i gang.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

Torger Torgersen

Torger Torgersen håper at dei snart får inn feit sild til å laga matjessild av.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK
Mager sild

Mager sild i Egersund.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

I morgon skulle den 23. matjessildfestivalen i Emden gått av stabelen, men på grunn av låg kvalitet på silda, som blir fiska i Nordsjøen, må festivalarrangøren venta.

– Me vil ha god matjessild, ikkje dårleg. Kvart år blir det seld mindre og mindre matjessild, derfor er det viktig at det er kvalitet på den silda som me sel, seier Jan Van Duim frå Nederland, som er i Egersund for å kjøpa inn sild når den blir feit nok.

Trur silda kjem

Matjessilda skal vere lett salta og rå. I generasjonar har Nederland hatt den som favorittrett. Men nå står maskinane, som produserer silda i Egersund, i ro på. Normalt sett skulle dei vore i full produksjon.

– Det er med sildesesongen, som det er med NSB sine tog, du kan ikkje stilla klokka etter dei, seier dagleg leiar hos Fonn AS i Egersund, Torger Torgersen.

Han meiner det er på grunn av den kalde vinteren, silda den feite silda lar venta på seg, men kjenner seg trygg på at den skal koma.

Mykje makrell

Dagleg leiar i Egersund fisk, Egil Magne Haugstad, er uroleg for at mattilgangen for silda er dårlegare nå enn andre år på grunn av for mykje makrell i havet.

– Ein hypotese er dei store mengdene makrell me nå har i sjøen. Makrellen er i aller høgste grad ein rovfisk, som tar for seg, seier Haugstad.

Til nå er berre ein prosent av årets Matjessild ferdigprodusert, mot 30 prosent på same tid i fjor. I tillegg spiller den økonomiske krisen i Europa inn på prisnivået.
Den kombinasjonen liker ikkje Haugstad.

– Me er alltid litt nervøse, men det er ein del av næringa. Forbrukarane i Europa har mindre pengar nå enn før, derfor går dei meir og meir over til billige produkt.

Men først må silda uansett bli feit og ikkje ha gytt. Det håper alle i næringa at snart slår til. I alle fall ønsker Nederlendarane at dette skal skje før 19. juni, som er den nye datoen for sildefestivalen i Emden.

Sjå video om sildekrisa:

Den kalde våren har ført til sildekrise. Den spesielle og dyre matjesilda som hollendarane elsker, er det berre Egersund som eksporterar. Men førebels lar den venta på seg fordi sjøen held for låg temperatur.

SJÅ VIDEO: For lite feitt i silda.