– Han erkjenner ikkje straffskuld og vil motsetja seg varetektsfengsling i dag, seier advokat Per Holtet-Andersen om klienten sin før fengslingsmøte i Jæren tingrett klokka 13.
Det var på fredag mannen i 30-åra blei teken av politiet sikta for grov kroppskrenking med døden til følgje, etter ei 33 år gamal kvinne blei funnen død like ved Bryne sentrum. Politiet etterforskar saka som ei mogleg drapssak.
Den sikta har vore sambuar med kvinna.
Måndag ettermiddag vart det klart at mannen blir varetektsfengsla i fire veker med brev- og besøksforbod. Dei to første vekene i fullstendig isolasjon.
Dømd ti gonger sidan 2001
Ifølgje politiet skal mannen som er sikta i saka og den døde kvinna hatt ein relasjon. Politiet stadfester også at den sikta har eit langt kriminelt rulleblad.
– Det stemmer at han er ein kjenning av politiet og at han fleire gonger har vore i politiet sitt søkelys, seier politiadvokat Øyvind Haukland.
NRK har gått gjennom fleire av dommane. Her kjem det fram at han har blitt straffedømd ti gonger sidan 2001. Han har fått fengselsstraff to gonger. Begge gongene for mellom anna å ha truga polititenestemenn på livet.
I 2012 fekk han fengselsstraff på eitt år og to månader, medan han i 2014 blei dømd til sju månader bak lås og slå. Den siste dommen, som er langt mindre alvorleg, er frå 2015.
Han er også dømd for andre alvorlege ting, som drap på sin eigen hund.
Politiet ber om at fengslingsmøtet i dag skal skje bak lukka dører.