Hopp til innhold

SIKTA FOR VALDTEKT PÅ JØRPELAND:

Ein mann i 20-åra er sikta for valdtekt av ei kvinne i Jørpeland sentrum natt til sundag, det skriv Strandbuen. Kvinna, som er i midten av 20-åra, har forklart at ho blei valdteken utandørs i Jørpeland sentrum litt over midnatt. Mannen vart arrestert i går, og sitt no i avhøyr. Ifølgje avisa kjende ikkje dei to kvarandre frå før.