Hopp til innhold

Ber om varetektsfengsling etter vald i Egersund

Politiet ber om fire veker varetekt for mannen i 40-åra, som er sikta for grov kroppsskade med døden til følge, etter ein slåstkamp i Egersund.

Fredrik Soma

Politiadvokat Fredrik Martin Soma har ansvar for etterforskinga etter ein mann døde av skadane han fekk i eit slagsmål i Egersund i helga.

Foto: Anders Fehn / NRK

Mannen som er sikta etter slåstkampen med fatalt utfall i Egersund i helga, sit framleis i politiet sin arrest i Stavanger,

– I morgon blir han framstilt for varetektsfengsling i fire veker, opplyser politiadvokat Fredrik Martin Soma ved Sør-Vest politidistrikt.

Grov kroppsskade med døden til følge

Mannen i 40-åra frå Egersund er sikta for grov kroppsskade med døden til følge.

Det var i halv-femtida natt til nyttårsaftan han var involvert i ein slåstkamp i Egersund, som enda med at ein annan mann i 40-åra blei frakta til Stavanger universitetssjukehus med kritiske skadar.

Sundag klokka 16.15 melde sjukehuset at mannen var død, og at dei pårørande var varsla.