Hopp til innhold

Knivstikking i Haugesund sentrum: Mann i 30-åra sikta for drapsforsøk

Ein mann i 30-åra blei tysdag føremiddag stukken fleire gonger med kniv i Haugesund sentrum si travlaste handlegate. Det var fleire vitne til hendinga.

Her blir ein mann i 30-åra tatt av politiet i 12-tida i dag, like ved der knivstikkinga skjedde.

Tysdag føremiddag blei ein mann i 30-åra angripen med kniv i Haraldsgata i Haugesund sentrum. Han skal ha blitt stukken fleire gonger med kniv.

– Mannen blødde kraftig, og blei frakta til sjukehus med ukjent skadeomfang, seier operasjonsleiar Victor Fenne Jensen til NRK.

Sikta måtte ha legetilsyn

I 12-tida tok politiet ein mann som dei meiner står bak ugjerninga. Han blei tatt i nærleiken av åstaden. Også han er i 30-åra, opplyser politiet.

– Han får tilsyn av lege nå, etterpå vil han bli overlevert til politiet. Me vil ta stilling til varetektsfengsling i morgon, seier politiadvokat Sveinung A. Andersen.

Han vil ikkje kommentera kva type skadar den sikta har.

Dei kjenner ikkje til kva relasjon dei to involverte har, eller kva som er bakgrunn for hendinga.

Den sikta mannen blei også frakta bort på båre

Her blir mannen som er sikta for drapsforsøk frakta bort frå åstaden på båre.

Foto: Thomas halleland / NRK

Fleire vitne

Politiet vil nå ha fokus på å kartlegga hendingsgangen gjennom avhøyr av både dei involverte og vitne, seier Andersen.

Det skal ha vore fleire vitne til hendinga, og politiet er i gang med avhøyr. Dei ber vitne som har behov for det om å ta kontakt med helsevesenet.

– Dersom ein er augevitne til ei slik hending så kan det vera greitt å snakka med nokon etterpå, seier Andersen.

Den sikta er norsk statsborgar og heimehøyrande i Haugesund.

Politiet opplyser tysdag kveld at både offer og gjerningsperson er innlagd på sjukehus.

Tilstanden deira er ikkje kjent.