Hopp til innhold

Toppen er nådd og sikringane held

Vatnet står no fleire centimeter over kaikanten i Stavanger, men det ser ut til at flaumsikringane førebels held.

Padlere i Vågen

VIDEO: Vatnet har gått over kaikanten i Stavanger.

– No har me nådd toppen, seier Jone Halvorsen, frå Stavanger idrettservice, litt over klokka ti.

Då står vatnet godt over kaikanten i Stavanger.

– No er det eit lite badebasseng her inne i Vågen, seier han.

Venta høg vasstand

Ekstremvêret «Vidar» førar med seg stormflod, og vatnet var venta å stiga til 21 centimeter over kaikanten i Vågen i Stavanger.

– Det er venta høgare vasstand enn det som var i 2007, då det kom inn mykje vatn i husa langs med Skagen i Stavanger, og fleire av husa langs kysten fekk skadar på grunn av vatn, seier fungerande fylkesberedskapssjef Gry Evensen.

For å sikra seg mot skadar, prøver Stavanger kommune ut ein ny metode, med ei 140 meter lang flaumsperre, i tillegg til sandsekker.

– Det er ei slags pølse på 140 meter som blir fylt med vatn og som blir rulla ut inst i Vågen. Den vil forhåpentlegvis vera eit veldig godt flaumvern, seier Torstein Nielsen, beredskapssjef i Stavanger kommune.

Vågen Vidar
Foto: Pål Berg Mortensen / NRK
«Vidar» på Jørpeland

Sikringane held

Førebels ser det ut som at tiltaka som har blitt gjort, held vatnet unna bygningane.

– Det ser veldig bra ut. Det er bølger som er verst når det er høgvatn, og det slapp med heldigvis i dag, seier Halvorsen.

Sikra hotell i Haugesund

Også i Haugesund blei bygningar sikra mot stormfloda i gong.

Utanfor Hotell Maritim i Smedasundet blei det lagt ut sandsekkar, og dører bleitapet for å hindra vatnet frå å trenga inn.

– Her det mykje verdiar som me må ta vare på, seier teknisk sjef ved hotellet, Fredrik Vangsnes.

– Me polstrar godt igjen, og så håpar me på at vatnet ikkje sig inn i hotellet.

Laster innhold, vennligst vent..

Flere nyheter fra Rogaland