– No har me nådd toppen, seier Jone Halvorsen, frå Stavanger idrettservice, litt over klokka ti.
Då står vatnet godt over kaikanten i Stavanger.
– No er det eit lite badebasseng her inne i Vågen, seier han.
Venta høg vasstand
– Det er venta høgare vasstand enn det som var i 2007, då det kom inn mykje vatn i husa langs med Skagen i Stavanger, og fleire av husa langs kysten fekk skadar på grunn av vatn, seier fungerande fylkesberedskapssjef Gry Evensen.
For å sikra seg mot skadar, prøver Stavanger kommune ut ein ny metode, med ei 140 meter lang flaumsperre, i tillegg til sandsekker.
– Det er ei slags pølse på 140 meter som blir fylt med vatn og som blir rulla ut inst i Vågen. Den vil forhåpentlegvis vera eit veldig godt flaumvern, seier Torstein Nielsen, beredskapssjef i Stavanger kommune.
Sikringane held
Førebels ser det ut som at tiltaka som har blitt gjort, held vatnet unna bygningane.
– Det ser veldig bra ut. Det er bølger som er verst når det er høgvatn, og det slapp med heldigvis i dag, seier Halvorsen.
Sikra hotell i Haugesund
Også i Haugesund blei bygningar sikra mot stormfloda i gong.
Utanfor Hotell Maritim i Smedasundet blei det lagt ut sandsekkar, og dører bleitapet for å hindra vatnet frå å trenga inn.
– Her det mykje verdiar som me må ta vare på, seier teknisk sjef ved hotellet, Fredrik Vangsnes.
– Me polstrar godt igjen, og så håpar me på at vatnet ikkje sig inn i hotellet.