NRK Meny
Normal

Sigurd Pedersen (64) tapar pengar på å jobba

Dei siste månadane har arbeidsledige Sigurd Pedersen tapt om lag 18.000 kroner. Årsak: Han har takka ja til dei jobbtilboda han har fått.

Sigurd Pedersen

DUGNADSJOBB: Gratisarbeid på hyttetomta til nevøen går greitt, men dersom Sigurd Pedersen frå Egersund jobbar meir enn ein time per 14. dag så trekk Nav 11.470 kroner frå dagpengeutbetalinga hans.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Me ser absolutt at det kan oppfattast som eit paradoks, når me samstundes oppmodar dagpengemottakarar til å jobba, seier direktør for Nav Arbeid og ytelse, Ellen Chr. Christiansen.

Ellen Chr. Christiansen

Ellen Chr. Christiansen er direktør i Nav Arbeid og yting. Hos seier at for dei aller fleste dagpengemottakarane så lønnar det seg å jobba, men at situasjonen til Pedersen er spesiell.

Foto: Arild Sandsvik / NRK

Ho snakkar om situasjonen 64 år gamle Sigurd Pedersen frå Egersund har hamna i. Dei siste månadane har han så og seia ikkje hatt inntekt, på grunn av at han har takka ja til å jobba nokre timar for eit flyttebyrå.

– Eg er oppgitt over heile Nav-systemet, for eg er opplært til at det skal løna seg å jobba, seier Pedersen sjølv.

Blei nedbemanna

Pedersen var i full jobb fram til 2016. Han var innleigd hos Aker Solutions i Egersund då oljekrisa ramma som hardast, og blei ein av fleire som mista jobben.

– Det er ein av dei verste beskjedane eg har fått, seier mannen som fram til då hadde vore yrkesaktiv så og seia samanhengande sidan 1969.

Med høg arbeidsløyse i regionen skulle det visa seg at det ikkje var lett for ein 64 år gamal mann utan fagbrev å få seg jobb.

I fjor fekk han likevel jobb. Men gleda varte ikkje lenge, for etter berre nokre månadar gjekk firmaet konkurs. Dermed måtte han på ny søka om dagpengar. Og det var då han hamna i situasjonen der han maks kan jobba ein time kvar 14. dag. Normalarbeidstida hans blei nemleg rekna ut frå ein periode då han nesten ikkje hadde vore i jobb.

Anne Gunn Høiland

VIL FLYTTA PÅ SEG: Kona Anne Gunn Høiland er fortvila over situasjonen dei har hamna i, og seier at det ikkje står på Pedersen sin vilje til å jobba. Dersom han får jobb i ein annan del av landet er ho villig til å flytta.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Ikkje aleine

– Snittarbeidstida han hadde før han blei arbeidsledig er såpass låg at dersom han jobbar meir ein time i meldekortperioden på 14 dagar, så blir ikkje dagpengane for perioden utbetalt, seier Christiansen i Nav.

For skal ein få dagpengar må ein jobba 50 prosent mindre enn det ein gjorde før ein søkte om dagpengar. Regelverket er ikkje ope for skjønn, ifølgje Nav.

Morten Bakke

– Me har alt tatt nokre grep for at regelverket skal bli meir smidig, men me jobbar vidare med fleire regelendringar slik at det vil løna seg meir å jobba, seier Høgre sin statssekretær i Arbeids- og sosialdepartementet, Morten Bakke.

Foto: Jan Richard Kjelstrup / ASD

– Me er borti svært få saker av denne typen, men forstår at regelverket står fram som urimeleg for dei personane som opplever dette. Dersom reglane blir omgjort, endrar me sjølvsagt praksis, seier ho.

Ifølgje arbeidstakarorganisasjonen LO er Pedersen langt frå aleine. Distriktssekretær Eirin Sund i Rogaland seier at mange blir ramma av regelen på ein måte som gjer det mest lønsamt å takka nei til jobb.

– Me har altså eit system som oppfordrar til passiv mottaking av dagpengar. Dette er ein regel som må endrast, slik att ein heller blir trekt for det ein faktisk jobbar, seier Sund.

Arbeids- og sosialdepartementet seier til NRK at dei har gjort endringar, og vurderer nye endringar for at regelverket skal bli meir smidig.

– Departementet arbeider med å finna fram til alternative avkortingsreglar, seier statssekretær Morten Bakke (H).

I tillegg jobbar dei med justeringar i det gjeldande avkortingsprinsippet, som vil gjera at dagpengemottakarar kan ta litt meir arbeid utan at dagpengane fell heilt vekk.

– Dette er eit viktig arbeid som regjeringa prioriterer høgt, seier Bakke.

Vil gjerne bruka Pedersen

Dette er likevel mager trøyst for den vesle familien, som nå må ringa å be om utsetjing på rekningar. Enn så lenge takkar Pedersen nå nei til jobbtilbod, som ikkje er fulltids, for å få mest mogleg pengar inn på konto. Det synst arbeidsgjevaren, som gjerne vil bruke han, er trist.

– Det var Nav som først sette oss i kontakt med Sigurd, og me er kjempenøgde med han. Derfor er det veldig synd at han ikkje kan jobba for oss, seier Odd Magne Lie, sjef for AB Flyttebyrå.

Kona til Pedersen meiner at behandlinga dei får er uverdig.

– Eg forstår ikkje kvifor dei ikkje berre kan gjera om på noko som er så ulogisk. Det skal lønna seg å jobba, seier Anne Gunn Høiland.

Bergersen-pipa

På hylla si har Pedersen pynta med pipa på Bergesen-båten der far hans fekk sin første jobb. Det var faren hans som lærte han kor viktig det var å halda seg i arbeid.

Foto: Mathias Oppedal / NRK