Hopp til innhold

Sexprat på nett medan foreldra er på jobb

Mange barn er tidvis åleine heime om sommaren og bruker tid på sosiale medium. Sommaren er ei god tid for overgriparar å ta kontakt på TikTok og Snapchat, åtvarar politiet.

Sexsamtale på Snapchat

Dette er eit konkret døme i ein straffesak som politiet i Rogaland tidligere har håndtert.

Foto: Politiet

Funnet til politiet viser at samtalar om sex mellom barn og overgriparar ofte startar på TikTok og Snapchat.

– Vi vil gjere foreldre merksame på at risikoen for å bli utsett for overgrep på nett, truleg er større no om sommaren, seier politioverbetjent Oddgeir Høyekvam.

Oddgeir Høyekvam, politifaglig etterforsker, Sør-Vest politidistrikt.

Oddgeir Høyekvam i Operasjon Spiderweb.

Foto: Marte Skodje / NRK

Operasjon Spiderweb i Sør-Vest politidistrikt, som jobbar for å avdekkje seksuelle overgrep mot barn, ber foreldre passe på.

– Det er ulovleg og straffbart å sende nakenbilder til personar under 16 år, eller til nokon som ikkje har bede om det, seier han.

Overgrep på nett

Samtalane mellom barn og overgriper foregår ofte på sosiale medier som Snapchat.

Foto: Politiet

Politiet har gjort seg fleire erfaringar i løpet av det siste halvanna året, og registrerer stor aktivitet på dagtid. Nå som overgriparar og barn har betre tid, er dei uroa.

Gir seg ut for å vere jamaldra

Det er ferietid. Skulen har ferie, og mange fritidsaktivitetar har teke pause i to månader.

– Mange barn bruker tid på mobilen. Mange barn er meir åleine heime, utan vaksne til stades, seier Høyekvam.

Politiet åtvara òg tidlegare i sommar mot at unge sel nakenbilde på Snapchat. Den siste tida har dei avdekt at fleire tenåringsjenter sel nakenbilder på sosiale medium.

Kontakten mellom overgriparar og barn skjer gjerne først gjennom TikTok.

– Samtalen flyttar seg over på Snapchat. Og det er gjerne på denne kanalen at sjølve nettovergrepet skjer, seier han.

Eksempel på en prisliste

Politiet har avdekt at jenter ned i 15-årsalderen sel bilde og video på Snapchat.

Foto: Politiet

I ei undersøking som Medietilsynet publiserte i mai i år har ungdommar mellom 13 og 18 år svart på spørsmål om nakenbilde. 12 prosent svarte at dei i løpet av det siste året har delt eit nakenbilde av seg sjølv, og 13 prosent av dei som har gjort dette, har fått betalt for det.

Dette bør foreldre gjera

Dei siste åra har politiet bemanna opp, og har større merksemd mot kriminalitet på nett. Eit arbeid Barnevakten set pris på.

Leif Gunnar Vestbøstad Vik

Leif Gunnar Vestbøstad Vik i Barnevakten.

Foto: Barnevakten

– Det er heilt nødvendig at politiet gjennom kunnskapen og systematikken sin er på vakt, og informerer spesielt inn mot foreldregruppa. Politiet har ei grundigare forståing no for korleis barn snakkar med kvarandre, seier Leif Gunnar Vestbøstad Vik, dagleg leiar i Barnevakten.

Han ber foreldre interessere seg i barna sin dag på sosiale medium.

– Ikkje slepp tak i barna og ikkje lev separate liv. Finn ut om barna snakkar om nye venner og følgjarar. Ved å vere interessert og nysgjerrig kan foreldre fange opp ting som får varsellampene til å blinke, seier han.

Overgriparane gir seg ofte ut for å vere jamaldra med barna dei chattar med. Og mange barn lèt seg både lure og lokke.

– Foreldre kan vere naive i saker som dette, men det er viktig å vere på vakt. Det er lurt å snakka med barna om korleis dagen deira på nettet har vore, meiner Høyekvam.