Fakta
LYD OG VIDEO
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:
- LYD: Sex er viktig Av Egil Johan Ree (Real-Audio 16 Kbps)
Sex med rotter i senga
Sex er viktig. I alle fall meiner media at vi skal meina det. Slår vi til dømes opp på nettsida til ei av dei norske tabloidavisene i dag, finn vi tilvising til sju artiklar om sex i ymse variantar. Blant anna meiner avisa at vi skal interessera oss for ei kvinne som vart valdtatt av ein mann som hadde rotter med seg i senga då overgrepet skjedde.
Delar av presteskapet likar ikkje homofile
Homofili bør kurerast
Vi finn også eit stykke om ein mann i eit poporkester som nå står fram som homofil. Slikt blir det framleis overskrifter av, endå så vanleg det etter kvart er blitt å godta at vi har homofile blant oss. Men, som vi veit er det ikkje alle som likar det. Delar av presteskapet og somme skriftlærde lekfolk likar ikkje homofile, og ein del tar til orde for at den slags bør kurerast.
Homofilikur til 200 000 kroner
Ikkje minst i USA finst det mange som meiner at homofili er ein slag sjukdom og at dei som lir av denne plaga bør underkasta seg behandling. Det skal vera 200 stader i USA der homofile kan venda seg for å bli kvitt lidinga etter rettleiing frå sjølvoppnemnde ekspertar. Ein av ekspertane heiter John Smid og tilbyr seg å kurera folk dersom dei er villige til minst 18 månaders innsats og betalar han oppunder 200 000 kroner. Han har vore homoseksuell sjølv ein gong, men er nå kurert og skal etter det meldingane går ut på, vera lykkeleg gift.
Calvin Klein undertøy forbudt
Dei som satsar tid og pengar på John Smid må lova å halda seg unna øyreringar og moteklede som til dømes tettsitjande dongeribukser. Dei må ikkje gå med undertøy av merket Calvin Klein og av ein eller annan grunn må dei ikkje lyda på musikk med artisten Barbara Streisand. Vidare må dei be mykje, for det nyttar ikkje å omvenda seg til korrekt seksuell legning utan å ha eit ryddig forhold til Vårherre.
Barbara Streisand er også farleg
Det finst sikkert nok av amerikanarar som melder seg på kurs hos John Smid, i alle fall nok til å fylla opp bankkontoen hans. Om hr. Smid har filialar andre stader, f.eks. her i landet, veit vi ikkje, men sympatisørar har han i alle fall. Det finst folk også her i landet som tilbyr seg å få homoseksuelle til å skifta legning, og det kan sjølvsagt ingen nekta dei. Men ennå har vi ikkje høyrt at dei stiller krav om å skifta underbukse. Og kva er det som gjer Barbara Streisand farleg for homofile?