NRK Meny
Normal

– Gir sauebønder eit dårleg rykte

Temperaturen har blitt høg og engasjementet stort etter at ein hund blei skoten på Hellestø på sundag. No meiner sauebøndene at dei blir framstilt i eit dårleg lys.

Sauebøndene føler seg framstilt i eit dårleg lys etter at ein mann skaut ein hund på eit sauebeite.

– Me pleier sjølv å lufte hundane våre på staden der hunden til Ole Stangeland vart skoten, seier sauebonde Toralv Hellestø.

Dei siste dagane har det kokt på sosiale medium etter at ein hund vart skoten på Hellestø i Sola.

Men det er ikkje berre mannen som skøyt merksemda går utover. Sauebønder reagerer no på at saka gir dei eit dårleg rykte.

– Det stiller alle sauebønder i eit dårleg lys når han framtrer på den måten der. Det høyrer ikkje heime nokon plass. Skal du skyte ein hund på eit beite så skal det vera siste utveg, seier Hellestø.

Toralv Hellestø

Sauebonde Toralv Hellestø reagerer på at ein hund vart skoten i nærleiken av der han sjølv driv gard.

Foto: Anders Fehn / NRK

Mannen som skaut er tilknytt ein gard som driv med sauer, og hunden sprang utan band på eit beite ved stranda på Hellestø.

Mange har reagert kraftig på at hunden vart avliva. Og i går samla om lag 1000 menneske seg på stranda for å vise si støtte til hundeeigar Ole Stangeland.

Både hundeeigar og mannen som skøyt har meldt saka til politiet. Eitt vitne har meldt seg i saka, og dei startar med avhøyr i neste veke.

Hunden Tønes

Hunden Tønes vart skoten på Hellestø på sundag, han døydde av skadane.

Foto: Privat

Andre hundeeigarar er redde

Hendinga skaper også redsel blant andre hundeeigarar på Hellestøstranda, ein stad der mange luftar hundane sine.

– Eg blei ganske skremd. Eg går ofte tur med hunden min her på Hellestø, seier hundeeigar Maryon Paulsen Strugstad.

No vegrar ho seg frå å la hunden springe utan band.

– Eg synst det er vanskeleg å veta kor det er bandtvang, og kor det er lov å sleppe hunden laus. Det er ikkje så tydeleg merka. No er eg mykje meir påpasseleg, og er redd for å sleppe hunden laus, seier Paulsen Strugstad.

Hundar på Hellestø

Hundeeigar Maryon Paulsen Strugstad er ofte på Hellestø med hunden.

Foto: Anders Fehn / NRK

Dei fleste respekterer bandtvangen

– Alle som har dyr har eit ansvar for at dyra har det godt. Og om me ser at dei ikkje har det godt så må me handle. Men å skyte skal vera siste utveg, seier Olav Sande i Bondelaget.

Han meiner likevel at det heile har gått litt vel langt med all merksemda som saka har fått. Hundar som spring laust på beita er heller ikkje eit stort problem, meiner han.

– Dei aller fleste respektere bandtvangsreglane, og har kontroll på sine hundar, men så er det nokre få som ikkje følgjer reglane.

– Eg trur at det kan vera ein fordel å skilta betre i dei områda der det er mykje hundar for å gjera det tydelegare kor det er bandtvang, avsluttar Sande.

Sauebønder reagerer på at dei blir framstilt i eit dårleg lys etter at ein mann skaut ein hund på Hellestø.