Hopp til innhold

– Framtida i Stavanger er spanande

Trass nedbemanning og tøffe tider var det fleire oljebedrifter på plass under det årlege «Studenttreffet» i Stavanger. Og fleire av studentane ser lyst på framtida.

Elen Langvik og Caroline Lunde

OPTIMISTAR: Elen Langvik og Caroline Lunde har eitt og eit halvt år att på Universitetet i Stavanger. Dei studerer endringsleiing.

Foto: Andreas Moland / NRK

– For oss er dei vanskelege tidene motiverande og dei gjer oss meir skjerpa, seier Elen Landvik.

Ho og studieveninna Caroline Lunde har møtt opp på Greater Stavanger sitt årlege arrangement «Studenttreffet», der 130 studentar i dag møtte representantar frå 30 bedrifter i regionen.

– Må vera attraktive på nye måtar

Sjølv om overskriftene nå for tida stort sett handlar om nedgangstider, så ser altså dei to veninnene lyst på det.

– Framtida her er spanande. For oss betyr det at me må finna nye måtar å vera attraktive på. Me studerer endringsleiing og får det faktisk litt i praksis nå, seier Lunde.

Dei meiner at det vil finnast mange moglegheiter i oljehovudstaden nå som aktiviteten av innovasjon og nytt entreprenørskap blir større. Derfor meiner dei at det også vil vera viktig for dei nyutdanna å tenka nytt.

– Det er nok viktig at me torer å vera kreative og søker på andre jobbar enn dei som er innanfor komfortsona. Det er ikkje sikkert at me hamnar i dei standardiserte jobbane, som me hadde sett for oss då me byrja å studera, seier Landvik.

Sjå TV-sak frå «Studenttreffet»

Her snakkar Gustav Svane i Nav Rogaland om jobbmarknaden i Rogaland.

Fleire selskap er interesserte i flinke nyutdanna

Av bedriftene som i dag var på plass var det også fleire oljeselskap, trass dei dårlege tidene i den bransjen.

Prosjektleiar i ONS Young, Kristine Vesterhus, slår fast at det også for oljeselskapa er viktig å tenka lenger fram i tid.

– Dei me snakkar med i bransjen seier at dei er redde at tida med omstilling og nedskjering fører til at dei mister god kompetanse og tilgangen på nyutdanna kvalifiserte folk, seier ho.

– Derfor vil me visa at det er eit behov for folk, sjølv om ikkje selskapa er i rekrutteringsmodus akkurat nå. Dei er likevel interessert i dei gode folka, held ho fram.

Viktig å vera fleksible

Sjølv om det finst moglegheiter i regionen, er det kanskje viktigare enn tidlegare at dei nyutdanna kan vera fleksible i kor dei tek jobb. Det var bodskapen til Gustav Svane i Nav Rogaland, som heldt innlegg.

– Viss ein har store problem med å få jobb på heimstaden sin bør ein sjå etter jobb i andre fylke eller også kanskje i utlandet. Me veit at det er ein del fylke som nå utmerker seg med å ha ein god del ledige stillingar, seier han.