NRK Meny
Normal

Verste sentrumshandel på 42 år

– 2015 var tidenes dårlegaste år. Det var første gong me fekk raude tal i løpet av 42 års drift i Stavanger, seier skobutikkeigar i sentrum av byen.

Sigve Bjørheim har for mange sko i butikken

Eigar Sigve Bjørheim har for mange sko i butikken. Nå går mange av dei på billegsal.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Banksjef bedriftsmarked i SR-Bank, Tone Thorsdalen trekk ut nøkkeltal frå rapporten om varehandelen på Nord-Jæren i 2015.

Banksjef Marked i SR-Bank, Tone Thorsdalen

Banksjef Marked i SR-Bank, Tone Thorsdalen, ser eit lite lyspunkt, langt der framme.

Foto: Elin Barstad / NRK

Det var dette året at ein kombinasjon av dårleg sommar og vintervêr, slo seg saman med at effekten av oljekrisa slo inn for fullt i Stavanger og Sandnes. Då er det ikkje greitt å selja klede og sko.

– I Stavanger sentrum var nedgangen på 5.2 prosent. I Sandnes sentrum gjekk hendeleg tilbake med 4.1 prosent, og på Lura, der kjøpesenteret Kvadrat ligg, selde dei 4.4 prosent mindre sko og klede.

Vått, året rundt i 2015

– Alle sesongane slo feil i 2015, slår skobutikkeigar Sigve Bjørheim fast. Butikken han styrer er 42 år gammal.

Sommaren kom og gjekk i 2015, utan at varmen slo inn. Og då den kom så smått, var det utsalstid, uansett.

Vinteren var på si side mild og våt, slik at det heller ikkje blei fart på vintersko-salet.

– Vêret hadde nok mykje meir å seie enn nedgangen i oljesektoren, slår Bjørheim fast.

Enklast i sentrum

– Me skal shoppe sommarklær. Me skal til Danmark neste veke og då treng me noko nytt.

Studentar på sentrumshandel i Stavanger. Karoline Skråmestø, Marthe Kjellevold og Anine Sangesland

Studentar på sentrumshandel i Stavanger. Frå høgre: Karoline Skråmestø, Marthe Kjellevold og Anine Sangesland.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Det seier Karoline Skråmestø, Marthe Kjellevold og Anine Sangesland. Dei er studentar, ferdige med eksamen og klare for å nyte sommaren.

Utan tilgang til bil, er det sentrum av Stavanger som er enklast å dra til, men med bil hadde dei kanskje dradd ein annan stad, seier Marthe Kjellevold.

– Nei det er ikkje den beste staden. Det er jo lengre strekningar mellom butikkane enn kva det er i eit handlesenter. Men når det er fint vêr som nå, så er det bra, seier ho.

Eit lite lyspunkt i horisonten

Kles og skobutikkeigarane i sentrum av Stavanger og Sandnes ser likevel ikkje heilt svart på situasjonen.

SR-Bank har gjort ein grundig undersøking blant butikkeigarar på Nord-Jæren, og funne ut at det verste svartsynet er i ferd med å gi seg. Det var merkbart fleire som var positive i undersøkinga i april i år, enn i november i fjor, seier banksjef bedriftsmarked i SR-Bank, Tone Thorsdalen.

– Det er ennå dei som trur det blir litt dårlegare dei komande 12 månadane, men det er ein oppadgåande tendens, og det er jo veldig positivt, seier Thorsdalen.