Seks smitta i Hå

Hå kommune har fått inn fleire positive prøvesvar i dag, og melder nå at det totalt var seks nye smittetilfelle torsdag. To var nærkontaktar. I tillegg er det snakk om to bebuarar og to tilsette ved Hå sjukeheim.