Fakta
LYD OG VIDEO
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:
- LYD: Seige damer Av Egil Johan Ree (Real-Audio 2.36 min, 16 Kbps)
Damer som snop
Søte og seige er dei og sikker usunne både for magen og tennene, men godterisvoltne nordmenn tygg årleg i seg 160 millionar seigmenn. Dei som likar denne forma for snop, har vel stappa mennene i munnen utan å reflektera særleg over kva slag kjønn det var på den vesle figuren. Armar og bein har han og eit slag hovud på toppen, men ingen andre attributt som fortel at det plent er ein mann - bortsett altså frå at han heiter seigmann.
..til å tyggja og suga på
Dei færraste av oss har kjent det som noko stort sakn at det ikkje var ein motsvarande kvinneleg figur vi kunne tyggja og suga på, men nå skal vi få det likevel. For slik er verda laga at om du ikkje plent har noko behov, så syter næringslivet for at du får det. For eit par tiår sidan var det til dømes ingen som visste at dei ikkje kunne greia seg utan mobiltelefon.
Damer kjem til å svara seg
Nå har eit oppfinnsamt menneske i ein av godterifabrikkane våre funne ut at vi ikkje berre skal eta seigmenner, vi skal også eta seigdamer. Ikkje fordi likestillingsombodet eller vi forbrukarane har etterlyst det, men fordi fabrikken sikkert reknar med at det vil bli så mykje oppstyr om det snedige påfunnet at produksjonen kan koma til å svara seg. Og omtale er det blitt både her og der i dag - med fleire underfundige kommentarar.
Når kjem seigungane?
Den nye seigdama er noko rundare i kantane enn mannen. Ho er utstyrt med pupper, men etter avisbileta å døma er ho elles like kjønnslaus som det mannlege motstykket. Det står ingenting om at smaken er annleis.
...når damene ikkje får liggja i same pose...
Eit truleg viktig poeng er det at menner og damer ikkje skal selgjast i same pose. Om det ligg moralske vurderingar bak denne avgjerda frå fabrikken si side, går ikkje fram av meldingane, men avisene er naturleg nok inne på at vi i neste omgang kan koma til å bli velsigna også med seigungar.
Kjem vi til å svikta mennene?
Så vil det visa seg om vi forbrukarane lar oss forføra av dei nye seigdamene. Kjem vi til å vraka den gamle seigmannen til fordel for den med kvinnelege former? Eller satsar fabrikken på at vi skal vera pedagogisk og kjønnspolitisk korrekte slik at vi kjøper ein pose av kvart slag som laurdagsgodt til ungane? Ikkje veit vi, og ikkje er vi særleg opptatt av å vita det heller, men reklame- og marknadsavdelinga i slikkerifabrikken har nok gjort seg visse tankar.