Hopp til innhold

Seier opp over 200 mottaksplassar i Rogaland

UDI legg ned til saman 250 mottaksplassar ved fleire asylmottak i fylket. 100 av dei ved Hå mottakssenter på Nærland.

Nærland mottak

Frå 1. september blir det 100 færre bebuarar her ved Nærland mottak.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

– Me har fått oppseiing frå UDI på alle dei 60 opsjonsplassane, i tillegg til 40 plassar som blei gjort gjennom eit direktekjøp, seier mottaksleiar ved Hå mottak, Berit Hårr.

Berit Hårr

Berit Hårr er mottaksleiar ved Hå mottak. Frå 1. september blir det 100 færre bebuarar ved mottaket.

Foto: Anders Fehn / NRK

Frå og med 1. september vil dermed talet på bebuarar ved mottaket bli redusert frå 290 til 190.

– Det skuldast at det kjem færre asylsøkarar til Norge, og at det ikkje er behov for alle desse plassane no, seier Hårr.

Seier opp fleire plassar

UDI seier opp plassar ved fleire mottak i Rogaland. I Sauda blir det kutta 30 plassar, det blir det også i Stavanger. Medan det blir kutta 60 plassar i Strand.

30 plassar i Lund, som var meint for einslege mindreårige, blir gjort om til ordinære plassar.

Sissel Mehammer, UDI

Sissel Mehammer, fungerande regiondirektør, ved regionkontor Vest i UDI.

Foto: Bård Siem / NRK

– Me har sagt opp alle opsjonsplassane som me har hatt som ein buffer ved mange mottak, for å kunne ta unna auke i talet på ankomstar. I tillegg har me sagt opp ein del tilleggsavtalar, seier fungerande regiondirektør, ved regionkontor Vest i UDI, Sissel Mehammer.

– Desse oppseiingane handlar om at det er låge ankomsttal, og at me ikkje har behov for å bruka den bufferen som desse oppsjonsplassane er tenkt som.

Etablerer nye mottak

Likevel vil ikkje talet på mottaksplassar i Rogaland gå ned.

– Samtidig som me seier opp desse plassane, etablerar me også nokre nye mottak i Rogaland, eitt i Sola og eitt i Sandnes. Så det totale talet på mottaksplassar i Rogaland blir ikkje redusert, seier Mehammer.

Kvifor vel de å oppretta nye mottak når behovet er mindre?

– Me har vald å oppretta nokre nye mottak, for å dekka det totale behovet. Og så vel me å redusera talet på plassar, i staden for å seia opp mottak, slik at me har den bufferen i tilfelle me skulle ha bruk for å oppretta plassar raskt.