Seier nei til nokre organisasjonar

Klepp kommune vil ikkje gje økonomisk støtte til organisasjonar som seier nei til homofile i leiarverv, skriv Aftenbladet. Forslaget fekk tysdag fleirtal i hovudutvalet for samfunn og kultur i kommunestyret.

«Organisasjoner som skal kunne få støtte, må regne alle medlemmer/deltakere som likeverdige når det gjelder å kunne velges til styre, tillitsverv og posisjoner, uavhengig av samlivsform, seksuell orientering, kjønn eller etnisitet» heiter det i det vedteke forslaget.

To representantar stemte imot, ein frå Kristeleg folkeparti og ein møtande frå Framstegspartiet.

Forslaget skal til behandling i kommunestyret i desember, skriv avisa.

Klepp kommune, rådhuset
Foto: Gunnar Morsund / NRK