Hopp til innhold

Seier nei til alkohol

Sjølv om det nå blir ølservering på Viking Fotball og Stavanger Oilers sine kampar, seier fleire naboklubbar nei til alkohol på sine idrettsarrangement.

Bryne FK

Jærklubbane Bryne, Klepp og Sandnes seier nei takk til øl og vin for dei vanlege tilskodarane.

Foto: Johan Mihle Laugaland / NRK

Tom Tvedt

Styremedlem i Norges Idrettsforbund, Tom Tvedt, er glad for at fleire lokale toppklubbar seier at dei ikkje vil søkja om alkoholservering.

Foto: NRK

– Nei, det vil me ikkje ha. Dei som absolutt vil, får heller springa bort på puben, seier styreleiar i eliteklubben Klepp, Ove Horpestad og ler.

Blir meir alkoholservering på idrettsarrangement

Heller ikkje ei snau mil lenger sør, på Bryne, er det stor stemning for øl og vin, etter Stavanger bystyre i går sa ja til at Viking og Oilers skal få servera alkohol til alle vaksne tilskodarar, og ikkje berre VIP-en, under kampane sine.

Ei avgjersle som truleg skaper presedens, og opnar for meir alkoholservering under norske idrettsarrangement.

– VIP-en får servert alkohol under spesielle kampar, og meir enn dette har me ikkje vurdert, seier dagleg leiar i førstedivisjonsklubben Bryne FK, Kjell Olav Stangeland.

– På Sandnes serverer me alkohol i eigne VIP-lokale, men har ikkje planar om meir, fortel dagleg leiar Tom Rune Espedal.

– Lojale bak vedtaket

Den einaste rogalandsklubben NRK har vore i kontakt med som er positive til å søka om alkoholservering er FK Haugesund.

Trass dette er gleder det styremedlem i Norges Idrettsforbund, Tom Tvedt, at fleire lokale toppklubbar i Rogaland ikkje vil søka om alkoholservering.

– Det er gledeleg at dei stiller seg lojale bak idrettsforbundet sitt vedtak om å ikkje kopla idrett og alkohol, seier Tvedt.

Sjå video:

Formannskapet i Stavanger vedtok for kort tid sidan at Viking og Stavanger Oilers skal få skjenka alkohol permanet. 
Norges Idrettsforbund reagerer på at politikarane i Stavanger vedtar skjenking på idrettsarrengement og fryktar at også andre arenarer i landet nå vil søka.

Skjenke-ja i Stavanger.