NRK Meny
Normal

Schumann-lauslating blir anka

Aktor, Tormod Haugnes, ankar Sør-Trøndelag tingrett si avgjersle om å sleppa fri Kjell Alrich Schumann.

Kjell Alrich Schumann

DØMT FOR DRAP: Kjell Alrich Schumann skaut og drap politimannen Arne Sigve Klungland under NOKAS-ranet i Stavanger i 2004. I rettssaka etter ranet blei han dømt til forvaring i 16 år.

Foto: Alf Ove Hansen

Statsadvokat Tormod Haugnes

Statsadvokat, Tormod Haugnes, meiner avgjersla til Sør-Trøndelag tingrett er feil.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

For to veker sidan bestemte Sør-Trøndelag tingrett at NOKAS-drapsmann, Kjell Alrich Schumann, kan bli lauslaten på prøve under strenge vilkår. Etter dette har aktor i saka, Tormod Haugnes, brukt juleferien på å ta stilling til om han skulle anka avgjersla eller ikkje.

I dag har han altså kome fram til at han ankar saka til Frostating lagmannsrett.

– Me meiner at vilkåra for å prøvelauslata Schumann ikkje er til stades. Det er framleis fare for at han vil gjera straffbare handlingar, derfor bør han halda fram i fengsel, seier Haugnes til NRK.no.

Dermed blir i alle fall Schumann sitjande i fengsel fram til ei ny avgjersle i Frostating lagmannsrett. Noko Haugnes ser på som bra for samfunnet.

– Samfunnet har behov for eit vern mot farlege forbrytarar. Schumann er av Høgsteretten definert som ein farleg forbrytar, og me ser ikkje at situasjonen har betra seg slik at prøvelauslating er å tilrå, seier Haugnes.

Ønsker å sjå på lovverket

Det var i 2005 Schumann blei dømt til 16 år forvaring, etter drapet på politimannen Arne Sigve Klungland under NOKAS-ranet året før. Totalt blei 15 personar dømde for å ha medverka til det omfattande ranet, som i nyare tider har blitt filmatisert.

Schumann søkte om å bli lauslaten på prøve etter å ha sona ti år av forvaringsdommen. Sidan han sonar straffa si i Trondheim fengsel, var det Sør-Trøndelag tingrett som behandla saka.

At tingretten gjekk inn for lauslating fekk mange til å reagera, og tidlegare direktør for Domstoladministrasjonen, Tor Langbach, meiner at denne hendinga gir grunnlag for ei ny vurdering av lovverket.

Kjetil Klungland og Kjell Alrcih Schumann

Her møter Kjetil Klungland Kjell Alrich Schumann i fengselet i Trondheim. Klungland har tilgitt Schumann det som skjedde.

Foto: NRK / NRK

– Domstolen har brukt lova slik den er. Der er det ei minstetid på ti år, og ein skal sleppa ut dersom det ikkje lenger er særleg sterk fare for gjentaking. Antakeleg er vel lova forma ut på ein svært uheldig måte der, men retten må jo bruka lova slik den faktisk er, sa Tor Langback i eit intervju med NRK, etter avgjersla blei kjent.

Har tilgitt Schuman

Sonen til Arne Sigve Klungland, Kjetil Klungland, har førebudd seg på at dagen vil koma der Schumann vil koma ut frå fengsel. Han har tidlegare fortalt til NRK at han har tilgitt mannen som drap faren hans.

Han understrekar likevel at det ikkje betyr at han gløymer eller aksepterer det Schumann har gjort.

Kjetil Klungland har vald å ikkje kommentera spørsmålet om prøvelauslating av Schumann. Alt han seier er at han forheld seg til retten si vurdering.

Nokas-ranet

5. april 2004 blei ein tellesentral som høyrde til Norsk Kontantservice i Stavanger sentrum rana.

Foto: Borgen, Ørn E. / SCANPIX