OPPDATERT: Nå er det manuell dirigering gjennom Svandalsfossen.
Ekstremvêret «Synne» har ført til problem over store deler av Sør-Vestlandet i dag.
Fylkesvegen forbi Svandalsfossen var tidlegare i dag heilt stengd. Så opna dei opp for kolonnekøyring forbi fossen, men no er det berre passering for naudetatane. Kommunen forventar høgare vassføring utover dagen, som følgje av meir regn og snøsmelting, og då kan vegen fort bli heilt stengd att. Ved høg vassføring kjem det også meir enn vatn ned over vegen.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Meir regn i vente
– Me kunne høyra og sjå stein i vegbana, Vegvesenet, entreprenøren og politiet beslutta då å stengja vegen, seier beredskapsansvarleg i Sauda, Jostein Overskeid.
Det er meldt endå meir regn i løpet av ettermiddagen og natt til søndag. Dermed kan Sauda bli heilt isolerte, difor har kommunen tinga ein båt som skal fungera som ambulansebåt ved behov.
– Me har også snakka med AMK om ambulansehelikopter, men det er ikkje sikkert det er flyvêr til det, seier Overskeid.
– Hurtigbåten er heller ikkje påverka, så heilt isolerte blir me likevel ikkje, seier han.