Hopp til innhold

Satsar trass låg aluminiumspris

Hydro på Karmøy ser med uro på den fallande aluminiumsprisen, og den låge etterspurnaden etter aluminium. Likevel vel dei å satsa og ønskjer å bygga verdas reinaste anlegg.

Erna Solberg

ERNA I FELTEN: Statsminister Erna Solberg var på Hydro sitt anlegg på Karmøy i dag.

Foto: Thomas Halleland / NRK

I dag kom statsminister Erna Solberg til Hydro Aluminium på Karmøy for å bli betre kjend med bedriftas planlagde pilotanlegg, som skal bli det reinaste aluminiumsanlegget i verda.

– Eg meiner aluminiumsindustrien er ein framtidsindustri for Noreg. Det er viktig at me sørgjer for dei gode rammebetingelsane, og at me sørgjer for at me får dei beste og mest effektive produksjonsformene, seier statsministeren.

– Det som er spanande er at Hydro at jobba med å bli reinast i ein rein industriveg, held ho fram.

– Ingen forseinkingar i byggeprosjektet

Hydro får statleg milliardstøtte til pilotprosjektet, og vel å satsa sjølv trass i låg oljepris og aluminiumspris.

Svein Richard Brandtzæg

KONSERNSJEF: Svein Richard Brandtzæg i Hydro.

Foto: Varfjell, Fredrik / NTB scanpix

– At marknaden er nede er noko me uroar oss for på kort sikt, men på lang sikt vil ikkje det ha noko effekt for oss. Me har planar om, slik me har sagt heile tida, å ta byggevedtak i byrjinga av 2016, seier konsernsjef i Hydro, Svein Richard Brandtzæg.

– Så det blir ingen forseinkingar?

– Ikkje i forhold til det me har sagt heile tida, seier konsernsjefen.

Ingenting konkret frå Solberg

– Krafttilgangen er viktig. På sikt er det overskot med kraft i Noreg. Det som er viktig er at produksjonen blir verande stabil. Det er noko av det me diskuterer med Hydro, seier Solberg.

– Kva konkret vil de gjera?

– Det må me koma tilbake til når me er klare på kva som er gode løysingar, men me er opptekne av å byggja ut meir kraft. Me er også opptekne av å få både den fornybare og den tradisjonelle fornybare næringa, nemleg heile produksjonen av vasskraft, opp i endå større volum, seier statsministeren.

Svein Roar Martinsen

TILLITSVALD: Svein Roar Martinsen.

Foto: Thomas Halleland / NRK

Hydro er vande med omstillingar, og dei tillitsvalde var nøgd med statsministaren svar i dag.

– Det høyrdest positivt ut. Det at det er her viser interesse for prosjektet. Ho seier at det jobbast med kraftløysingar for å sikra kraftilgangen, så tykkjer eg det er kjempepositive signal for vegen vidare, seier konserntillitsvald Svein Roar Martinsen.