Hopp til innhold

Trur på sesongopning i morgon

Folk som reiste til Sirdal for å renna i skibakkane på andre juledag måtte reisa skuffa heim. Nå blir det produsert snø for full guffe, slik at opninga av skitrekka kan skje så snart som råd.

Sundag blei vinden for sterk. Nå håper dagleg leiar ved Sirdal skisenter, Øystein Tjørhom, på sesongopning på måndag.

SJÅ TV-SAK: Ein dag med stopp i heisen er ein dag utan inntekt. Derfor jobbar Øystein Tjørhom på spreng for at det skal bli sesongstart på måndag.

Øystein Tjørhom, daglig leder Sirdal Skisenter

TRUR PÅ OPNING: – Me måtte utsetja sesongopninga, men det ser ut som det blir med den eine dagen, seier Øystein Tjørhom, dagleg leder ved Sirdal skisenter.

Foto: Erik Waage / NRK

– Me hadde håpa på opning om sundag, men med vinden som var først på dagen så gjekk det ikkje an, seier dagleg leiar ved Sirdal skisenter på Tjørhomfjell, Øystein Tjørhom.

I staden for å selja klippekort til skiheisen har dagen hans i dag gått med på å produsera snø, slik at skiheisen kanskje kan opna på måndag.

– Nå er det så kjølig at me kan leggja ut snø, så då har me full produksjon på anlegget. Me driv også på å dosera ut dei dungane me allereie har laga på anlegget. Det einaste me ikkje greier er stolheisen. Her er det for lite snø på toppen på grunn av at det har blåse vekk, seier Tjørhom.

Fitim Hergaja

Fitim Hergaja fekk seg ein bomtur til Sirdal i dag.

Foto: Erik Waage / NRK

Bomtur til Sirdal

Planen var at skisenteret skulle opna andre juledag. At det blei endringar i desse planane med uvêret som kom over store delar av Sør-Norge hadde ikkje Fitim Hergaja og familien fått med seg.

Dei reiste den to timar lange turen frå Stavanger til Sirdal for å møta eit stengt trekk.

– Alt var stengt då me kom. Men, men, nå kosar me oss heller med å ha snøballkrig, så får me sjå om turen blei verdt det, seier Hergaja til NRK.

Trur på opning

Så vil det visa seg om Tjørhom klarer å opna trekket til måndag.

– Det ser veldig lovande ut. Me kjem til å oppdatera facebook-sidene våre i morgon klokka åtte om morgonen med oppdatert informasjon, men slik det ser ut nå så er det veldig lovande.

Sirdal

Sundag stod heisane i Sirdal.

Foto: Erik Waage / NRK