Hopp til innhold

Meir enn 70 personar har vore inne til avhøyr

Politiet har fått inn fleire interessante opplysingar i vitneavhøyr etter drapet på 33 år gamle Scarlet Thomsen frå Bryne i oktober. Etterforskinga går nå mot sluttfasen.

Mogleg drap på Bryne

Utanfor leilegheita si på Bryne blei 33 år gamle Scarlet Thomsen funnen død fredag 9. oktober 2015. Etterpå blei sambuaren hennar (37) pågripen og sikta for å stå bak drapet.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

Det er nå snart tre månader sidan 33 år gamle Scarlet Thomsen blei funnen død utanfor leilegheita si ved Shell-stasjonen i Bryne sentrum. Like lenge har sambuaren hennar, ein 37-åring med eit langt kriminelt rulleblad, sitte i politiet si varetekt.

I dag blei fengslinga forlenga med fire nye veker.

Han er sikta for grov kroppsskade med døden til følgje. Ei sikting med strafferamme på opp til 10 år fengsel. Sjølv nektar han for å ha noko med drapet å gjera, og han nektar også å stilla opp i avhøyr med politiet.

– Han er grunnleggande skeptisk til politiet

– Han har gitt eitt avhøyr i startfasen, etter dette har me ikkje fått snakka meir med han, opplyser politiadvokat i saka Karsten Monsen.

Aktor Karsten Monsen

Karsten Monsen er politiadvokat i drapssaka på Bryne. (Arkivbilete frå ei anna sak)

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Det er Per Holter-Andersen som forsvarer 37-åringen.

– Grunnen til at han ikkje vil forklara seg meir til politiet er at han har ein generell skepsis til politiet. Noko han for så vidt har ei historie med, seier Holter-Andersen.

Judisielle observasjonar

Sikta er tidlegare dømt til forvaring i Jæren tingrett, men lagmannsretten oppheva dommen under tvil. Mannen som gong etter gong har han drive med alvorleg kriminell verksemd er nå under observasjon.

– Me har kalla inn sakkunnige som gjer judisielle observasjonar av sikta. Arbeidet dei gjer vil vera viktig for spørsmålet om han er strafferettsleg tilrekneleg eller ikkje, seier Monsen.

Men ifølgje forsvararen nektar den sikta også å samarbeida med rettspsykiatrane.

– Han ønsker ikkje å samarbeida med dei, og han stiller seg også imot tvangsobservasjon, noko politiet har ønska seg, seier Holter-Andersen.

Per Holtet-Andersen

Per Holtet-Andersen er forsvararen til den sikta 37-åringen. Her under det første fengslingsmøtet i oktober.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Sjekkar telefonloggar

Trass i at politiet gjerne skulle gjort fleire avhøyr av sikta, går det nå mot avslutning av etterforskingsarbeidet.

– Ambisjonen vår er at me får gjort det meste av etterforskingsarbeidet ferdig denne månaden. Då vil det vera opp til statsadvokaten å vurdera om det er grunnlag for tiltale, seier Monsen.

Nå er dei i full gang med å søka etter interessante opplysingar i telefon- og SMS-loggen, i tillegg til logg frå andre kommunikasjonsmiddel.

Kva har de av prov i saka?

– Det er gjort tekniske funn, utan at eg vil gå nærmare inn på dette. Me har også gått ut breitt og gjort meir enn 70 vitneavhøyr. Her har det kome fram interessante opplysingar om observasjonar og anna informasjon frå tidsrommet då Scarlet Thomsen forsvann, fortel han.

Det skal likevel ikkje vera vitne til valden ho blei påført før ho døydde. Ho hadde vore sakna sidan dagen før.