Hopp til innhold

SAS-base på Sola, foreløpig

SAS sin base på Sola kjem til å fortsetje. Men med milliardtap i siste kvartal, kan ingen garantere kor lenge det kjem til å vare.

SAS-fly lander på Stavanger lufthavn Sola

SAS-basen består på Sola, enn så lenge

Foto: Gunnar Morsund / NRK

SAS sin base på Sola tel nå omlag 150 personar. Det dreier seg om flygarar, kabinpersonale og teknisk personell.

- Sidan oktober i fjor har denne basen vore utsett for forhandlingar, opplyser Tordis Bjelland, som er styremedlem i SAS Norge sin kabinforening.

- Men på mandag kom me fram til at den skal få fortsetje, seier Bjelland.

Må jobbe meir

Leiinga i SAS slår fast at 1500 nye tilsette må vekk, for at selskapet skal få ned kostnadane på Norwegian sitt nivå.

- Det kjem til å bli færre ruter, det er sikkert, seier Bjelland.

Ho slår også fast at dei har gått med på å jobba litt meir uregelmessig og fleire timar, men at dei skal ned på same lønnsnivå som svenskane har ho ikkje noko til overs for:

- Det vil eg ikkje kommentera, seier ho. - Men det å setje tilsette opp mot kvarandre, slik leiinga gjer, det er feil.