Hopp til innhold

Sandra saknar gode gammaldagse gentlemen

Sandra Khorasani føler seg mandig om ho tek rekninga og opnar døra for menn. – Det vitnar om at ho ikkje følgjer med i tida, meiner samfunnsdebattant Sofie Frøysaa.

Sandra Khorasani

Sandra Khorasini trur det er fleire gentlemen i andre land enn Noreg fordi dei har ein heilt annan «datingkultur».

Foto: Marie Håland / NRK

– Eg opplever at det er alt for få av dei. Og eg trur ikkje eg er åleine om det, dessverre.

Det som Sandra Khorasani synest det er for få av, er gentlemen.

Store Norske Leksikon definerer ein gentleman som: Ein fint tenkande og omsynsfull mann med taktfull åtferd, høgt utvikla æresfølelse og ein viss kultur i sin ytre framferd; ein danna og høfleg mann.

Ja, det høyrest jo ikkje så verst ut som eigenskap?

Men Khorasani saknar gentlemen, vanlege mannfolk, som opnar døra, trekkjer ut stolen og gladeleg spanderer på date.

Ting ho heilt fint klarar på eiga hand, men som då ikkje gir den spesielle følelsen av å bli varta opp.

– Eg hadde følt meg mandig om eg hadde tatt rekninga og opna døra.

Kan ikkje leggje ansvaret på menn

Og Khorasani er ikkje den einaste med ei slik meining.

Etter å ha skrive eit debattinnlegg om temaet har ho fått mykje respons frå andre kvinner som er heilt einig i bodskapet.

Ane Hagen

Uansett kor lang me har kome i likestillinga så trur matchmaker og datingrådgjevar Ane Hagen at kvinner liker at mannen tar rekninga.

Datingrådgjevar og matchmaker Ane Hagen seier at dette temaet er ein av grunnane til at fleire og fleire kvinner kontaktar henne. Ho ser at nokon kunne tenkje seg at menn gjorde dei typiske gentleman-tinga, men at dei aller fleste ønskjer ein meir moderne og likestilt framtoning.

– Det er viktig å hugse på at menn har slutta å gjere desse tinga fordi kvinner har bedt dei om å slutte med det. Me kan ikkje leggje alt ansvaret over på menn når me har kjempa for eit meir likestilt samfunn.

Uavhengig av kjønn

Khorasani forstår at folk også kan reagere på haldningane hennar.

– Nokon meiner nok eg er litt gammaldags, men kva er gale med det?, spør ho.

Debatt om gentlemen i Dagsnytt 18 onsdag 16. juni 2020. Sandra Khorasani og Christina Fraas.

VIDEO: Gentleman-debatt i Dagsnytt 18 onsdag 16. juni med Sandra Khorasani og Christina Fraas.

Komikar og samfunnsdebattant Sofie Frøysaa er klar i si tale.

– Det som er gale med å vere gammaldags er at det vitnar om at du ikkje følgjer med i tida.

Sofie Frøysaa.

Sofie Frøysaa er ikkje redd for å snakke høgt om likestilling.

Foto: Josias Dein

Ho synest det er utruleg at dette er ei meining i 2021, og kjenner seg ikkje att i det heile i saknet av gentlemen.

– Desse hyggelege tinga som å spandere og opne døra er jo uavhengig av kjønn. Det viser til ei skeivfordeling viss ein mann insisterer på å spandere berre fordi han er ein mann.

Ho skulle heller ønskje ein kunne redefinert kva ein gentleman er.

– Til dømes ein som tek nokon på alvor og som respekterer dei.

– Litt «cheesy»

Ein liten observasjonsrunde i Stavanger sentrum ein føremiddag kan tyde på at Khorasani har eit poeng i at få gjer dei typiske gentlemen-handlingane.

– Det finst nok ikkje så mange typiske gentlemen lenger. Kvinner er blitt meir feminister og vil klare det sjølv, seier Elisa Sejko, og legg til med eit smil:

– Men mannen min opnar døra for meg.

Emilie Grønstøl måtte fikse til stolen sin sjølv i dag. Noko anna ville vore rart, synest ho.

– Det er jo ei anna tid. Det er litt «cheesy» med slike gentleman-ting, seier Richard Grønstøl, som heller pleier å overraske kona med ein kaffi på senga.

Gentleman åpner døren

Det finst så få tilfelle av menn som opnar døra for kvinner i kvardagen, at dette bilde måtte bli rigga til.

Foto: Marie Håland / NRK

Men for Khorasani er ikkje dette ei god utvikling. Ho trur det skuldast ei blanding av faktorar som datingappar, store valmoglegheiter, «Metoo»-kampanjen og likestilling.

– Me er likestilte, og det er sjølvsagt bra. Men eg trur me kan vere likestilte og framleis la menn vere gentlemen. Det handlar ikkje om at kvinner skal få gratis middag kvar gong, men om at me skal føle oss bra på date. Det handlar om å finne ein god balanse.