Hopp til innhold

13-åring slått ned av jamgamle på fritidssenter

SANDNES (NRK): Under eit arrangement i regi av Sandnes kommune på Ganddal fritidssenter, vart ei jente slått ned då ho forsøkte å stoppa ein slåstkamp mellom fleire tenåringsjenter.

Ganddal Bydelshus

GANDDAL FRITIDSSENTER: Ein gong i månaden arrangerer Sandnes kommune eit rusfritt «Neon party» for barn og unge i kommunen.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

– Jenta fekk hjerneristing og vert sjekka for moglege brotskadar, seier jourhavande i Sør-Vest politidistrikt, Erik Engløkk.

Alle dei involverte skal vera mellom 13 og 14 år.

Hendinga skjedde kring kl.22.30 fredag kveld. Politiet vil etterforska saka.

– Me skal snakka med vitne, barna som var involvert og føresette. Slik at me får kartlagt kva som har skjedd, seier Engløkk.

Sjølv om dei involverte er under kriminell lågalder vil politiet følga opp hendinga.

– Me kan ikkje straffa dei, men saka blir ikkje lagt vekk sjølv om dei er under femten år.

Politiadvokaten seier at politiet ønskjer å ha samtaler med jentene og setta inn førebyggande tiltak.

Laster Twitter-innhold

Arrangøren seier at ikkje visste at hendinga var så alvorleg.

– Fleire jenter skal ha hamna i ein slåstkamp inne på arrangementet, men me veit ikkje kvifor, seier kultursjef i Sandes kommune, Tone Strømø.

Ho seier at dei vaksne som var til stades under arrangementet greip inn, før dei ringde til føresette som kom å henta jentene.

Ikkje første gong

Hendinga skjedde på eit «Neon party» som Sandnes kommune arrangerer ein gong i månaden for barn og unge mellom 13–15 år.

I september kom festen utav kontroll då 300–400 ungdomar plutseleg dukka opp. Også den gongen vart det slåstkamp, og politiet måtte rykka ut for å ordna opp.

Sandnes kommune vil no setta inn fleire tiltak for at slike episodar ikkje skal skje igjen.

– Me har alt eit godt og tett tverrfagleg samarbeid med fleire. Men me vil gå gjennom rutinane våre på ny, seier Tone Strømø.

Ho seier at det var mange vaksne til stades under arrangementet. Natteramnar og politiet var og varsla om festen.

– Personalet som er til stades er kompetente og trygge vaksne. Kva som gjer at desse episodane oppstår, trur eg ikkje har noko med fritidstilbodet å gjera.

Strømø seier at ungdomane skal vera trygge hos dei.

– Det er situasjonar i ungdomsmiljøet som er urovekkande. Dette er alle oppvekstaktørar er opptatt av, og me vil jobba for at alle barn og unge skal ha det bra og trygt.