Hopp til innhold

Sandnes Ulf 2-1 Vard Haugesund

Allereie etter tre minutt låg Vard under på stadion i Sandnes.

Sandnes Ulf tilhengere
Foto: Øystein Ellingsen / NRK

- Vi held fram med katastrofeopninger. Dei scorar etter tre minutt i begge omgangene, seier assistenttrenar Kolbjørn Fosen til h-avis.no.

Fosen siktar til at Vard i serieopningskampen mot Lyn 2 var i same situasjon, då og kom målet etter berre tre minutt.

For Vard var det tøft å kome tilbake i kampen. Ifølgje Haugesunds avis vakna Vard først etter at islendingen Oli Flotventsson fekk raudt kort.

- Då skaper vi 3-4 enorme sjansar. Vi burde hatt minst eitt poeng i dag. Det hadde vi fortent, meiner Fosen.

Trenar for Sandnes Ulf, Asle Andersen, innrømmer til Aftenbladet.no at Ulf var heldige med sigeren i dag.

- Det siste kvarteret var forferdeleg frå vår side. Vi slutta fullstendig å spela fotball, og eg innrømmer glatt at vi var skikkeleg heldig som klarte å gå av bana med siger i denne kampen.

Andreas Westlye skåra måla for Ulf.

Tor Erik Moen var målskårar på Vard.