Hopp til innhold

Wirak: – Naturleg at namnet hadde blitt Stavanger

Stavanger-ordførar Christine Sagen Helgø har fleire gonger fridd til Stanley Wirak i Sandnes. I Debatten i kveld fekk ho nok ei avvisning, men namnet på kommunen hennar kan han like.

Ordføreren i Stavanger, Christine Sagen Helgø, vil gjerne slå seg sammen med nabokommunen Sandnes, men det vil ikke Sandnes-ordfører Stanley Wirak.

Sjå klippet der ordførarane i Stavanger og Sandnes får spørsmålet om dei vil inngå ekteskap med kvarandre.

– Nå har det seg sånn at me er allereie i eit godt forhold. Så me trivst utmerka i det forholdet me har i dag.

Det var svaret Sandnes-ordførar Stanley Wirak gav då han fekk spørsmålet om han ville ha Stavanger-ordførar Christine Sagen Helgø som stod ved hans side.

For mens Stavanger-ordføraren seier eit klart og tydeleg ja, er ordføraren i Sandnes ikkje interessert i kommunesamanslåing.

– Det vil ikkje eg, og det vil ikkje 90 prosent av befolkninga i Sandnes, sa Wirak.

Terje Mjåtveit
Foto: NRK

Veks saman

Fortettinga i regionen blei av Sagen Helgø trekt fram som eit viktig argument for å slå seg saman.

– Denne regionen har grodd saman, og me har eit veldig viktig område i denne regionen, nemleg Forus. Det meiner eg er det viktigaste næringsområde i Norge, sa Sagen Helgø.

45.000 menneske jobbar på Forus og område husar 3000 bedrifter. Men politisk er det tre kommunestyrer som har det politiske ansvaret for næringsområdet.

– 85 prosent av næringslivet i denne regionen seier at me må bli færre kommunar, og det er eit veldig viktig signal, sa Sagen Helgø.

Wirak meiner derimot at samarbeidet fungerer godt nok i dag.

– Me jobber i samen på dei plassane me skal jobbe saman, og så driver me våre byar slik som våre befolkningar ynskjer at me skal drive dei. Me får det veldig godt til i denne regionen og det er fordi me har denne gode modellen, sa Sandnes-ordføraren.

Direktesendt valgprogram med Atle Bjurstrøm.

VIDEO: Se debatten fra Stavanger konserthus.

Stavanger kan bli namnet

Men då Wirak fekk utfordringa frå programleiar Atle Bjurstrøm om å gjera eit tankeeksperiment og koma med forslag til kva ein eventuell kommune skal heita, var svaret noko overraskande.

– Då ville det ha vore naturleg at den hadde fått namnet Stavanger.

– Kva? Kanskje det ikkje var ein så verst partnar likevel då, svara Sagen Helgø.