Med jamne mellomrom kjem det brev frå Sandnes kommune adressert til Thorunn Augusta Thorsdottir.
– Men ho er ikkje her for å ta dei imot, seier mannen hennar Gunnar Runólfsson.
For Thorsdottir gjekk bort av kreft for tre år sidan.
Likevel hamnar altso konvoluttar med hennar namn i postkassa til familien med jamne mellomrom.
– Det er jo ikkje noko kjempeproblem, men det følast feil. Det gjev nokre reaksjonar inni meg. Det er ikkje slik det skal vere – den personen er ikkje her lenger, seier enkemannen.
- Les også:
Har bedt kommunen stoppe
Runólfsson fortel at det er ein del papirarbeid når nokon går bort. Han måtte kontakte bankar og oppdatere ulike register då kona ikkje var lenger.
– Det er ein slitsam prosess. Til slutt burde den vere overstått, men det er ikkje slik.
Sandnes kommune sende i førre veke nok eit brev adressert til den avlidne. – Det har skjedd gjentekne gongar, men ikkje ofte, seier Runólfsson.
Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRKDet siste brevet kom frå skulen dottera går på. Men dei kjenner godt situasjonen til familien.
– Eg trudde det var overstått, det er ganske lenge sidan sist, men so dukka det opp endå eit brev med hennar namn på førre veke.
– Men du har prata med kommunen om dette?
– Tre eller fire gongar har eg ringt og bedt dei oppdatere systema sine. Eg har gjeve beskjed om at dei sender brev til ein død person.
– Dei lovar alltid at dette ikkje skal vere slik og at dei skal reagere. Openbert har dei ikkje fanga opp alt enno, seier Runólfsson.
Gunnar Runólfsson håpar at det no kan bli slutt på breva til kona.
Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK– Ein lei situasjon
– Det kan diverre vere slik at om ein ringjer ei avdeling i kommunen og får endra opplysningar, kan ei anna avdeling framleis ha den gamle opplysninga, seier Bjarte Våge.
Han er digitaliseringssjef i Sandnes kommune, men uttalar seg ikkje spesifikt om Runólfsson si sak.
På generelt grunnlag fortel han at kommunen gjerne nyttar folkeregisteret for å hente personinformasjon om innbyggarar.
Digitaliseringssjef i kommunen, Bjarte Våge, seier fleire og fleire institusjonar nyttar det same registeret, slik at saker som Runólfsson sin vonleg ikkje skal skje.
Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRKMen skular, helseføretak og andre kan ha sine eigne register som ikkje vert automatisk oppdaterte.
– Då kan ein diverre hamne i ein lei situasjon som dette, og det vil vi sjølvsagt ikkje, seier Våge.
I framtida kan ein kome til å sleppe å måtte oppdatere mange ulike om endringar i personinformasjon.
– Det vert jobba med å samle kvar ein hentar informasjon, slik at ein kan unngå dette i framtida, seier Våge.
- Les også:
Fekk god hjelp
Trass i brevproblema er Runólfsson nøgd med støtta familien fekk av Sandnes kommune då kona var sjuk.
– Og etter at ho døydde gjorde dei ein kjempejobb alle saman. Dette er jo sikkert berre ei lita fillesak som dei må få fiksa, men dei slit openbert med det.
- Les også: