Hopp til innhold

Frå kiosken hjelper Kristina dei bustadlause

Sandnes er kommunen med flest bustadlause i forhold til innbyggartalet. Frå ein 7-Eleven-kiosk har kvardagshelten Kristina funne husly til dei som er i nød.

Kristina Bjørnsen og Gisle

Kristina Bjørnsen vart kjend med Gisle då ho begynte å jobba på 7-Eleven i Sandnes for 15 år sidan.

Foto: Kristina Kassab Liland / NRK

I nokre periodar av livet mitt har eg budd på gata, og då fekk eg koma til Kristina her på 7-Eleven for å låna toalettet og pussa tenner. Me har hatt mange oppturar og nedturar i lag.

Gisle og Kristina

Gisle fortel at Kristina Bjørnsen har redda livet hans eit par gongar.

Foto: Krisitna Kassab Liland / NRK

Det fortel Gisle inne på kiosken like ved Sandnes rutebilstasjon, eller «Ruten» som det heiter på folkemunne. Han har slite med rusavhengigheit i 20 år og kjent butikkmedarbeidar Kristina Bjørnsen i 15 av dei.

Her inne i varmen treffest dei som er ein del av rusmiljøet på Ruten for å drikka kaffi, henta mat og, ikkje minst, slå av ein prat med Kristina. Nokre av dei har ingen stad å bu.

– Det er vondt å sjå at folk her går så lenge utan ein trygg og fast bustad. Det er menneske eg gjerne treffer dagleg, fortel ho.

Kristina Bjørnsen gir Gisle ein kopp kaffi over disken

Kristina Bjørnsen har vorte ein nøkkelperson for fleire av dei som er i rusmiljøet på Ruten.

Foto: Kristina Kassab Liland / NRK

Då Gisle vart heimlaus, tok Kristina saka i eigne hender. Han venta på å få tildelt kommunal bustad, men til slutt fann Kristina ein leilegheit til han gjennom kjenningar.

Gisle er ikkje den einaste ho har hjelpt med å finna bustad. Kristina fortel at ho ikkje ser på seg sjølv som spesielt snill, sjølv om ho ofte får høyra det.

– Viss eg veit at eg kan hjelpa, så gjer eg det. Eg er rett og slett eit medmenneske.

81 i bustadkø

Generelt vert det færre bustadlause i landet, men i Sandnes kommune har det gått motsett veg. Det viser den siste kartlegginga som by- og regionsinstituttet NIBR ved Oslo Met har gjort over bustadlause i Noreg.

I 2016 var 110 personar innrapportert som bustadlause i Sandnes. I desember 2020 auka det til 140.

Det betyr at for kvar tusande innbyggar i Sandnes, stod nesten to utan fast heim.

Sidan kartlegginga fann stad i desember 2020 har likevel talet på dei som ventar på kommunal bustad i Sandnes gått ned.

– Per i dag har me ei venteliste for 58 bustadar. Det talet var 77 under NIBR-kartlegginga, fortel kommunaldirektør for helse og velferd i Sandnes, Elin Selvikvåg.

I dag står altså 58 husstandar i kø, som til saman utgjer 81 personar. Av desse slit 25 søkarar med rusavhengigheit.

Antall bostedsløse i Norge 1996-2020

År

Antall bostedsløse

2020

3.325

2016

3.909

2012

6.259

2008

6.091

2005

5.496

2003

5.200

1996

6.200

Kvifor Sandnes?

Ifølgje rapporten var Sandnes den kommunen med flest bustadlause i forhold til innbyggartalet.

Evelyn Dyb leia kartlegginga til NIBR, og ser fleire grunnar til kvifor Sandnes kom dårleg ut. Til dømes har Sandnes få blokkar samanlikna med storleiken på kommunen.

– I staden for vert det leia ut kjellarleilegheiter av privatpersonar, der utleigaren kan velja og vraka av leigarar. Det gjer at dei som er bustadlause hamnar bakarst i køen.

Dyb meiner kommunen gjorde ein grundig jobb under kartlegginga med å registrera alle, noko som kan vera ei forklaring på dei høge tala.

Ho meiner dei høge tala er ufortente, då Sandnes gjer mykje for å betra det kommunale butilbodet.

– Sandnes er ein føregangskommune. Dei har prioritert å bygga til dei som står utan heim og gjer det framleis, meiner Dyb.

Kommunen opplyser om at det i år er fleire robuste leilegheiter, småhus og familiebustadar under oppføring. Totalt er det sett av 120 millionar til den kommunale bustadtenesta.

– Ein reddande engel

Ein mann med namn «Gøppy» fortel at Kristina har hjelpt også han – seinast i dag. Han hadde fått eit brev frå kommunen han ikkje forstod, nemleg ei godkjenning på søknaden hans om kommunal bustad.

Bilete av hendene til Gøppy med brevet folda i hendene

Gøppy er ein av dei 81 som ventar på kommunal bustad i Sandnes.

Foto: Kristina Kassab Liland / NRK

Det kan ta opp til eitt år frå ein vert godkjent søkar til ein får bustad. Og går det eitt år utan at ein har fått tilbod, må ein søka om godkjenning på ny.

Då Gisle var i same situasjon og venta på kommunal bustad, bestemde Kristina seg for å gripa inn.

For to år sidan var Gisle innlagt på avrusing i Bergen.

Då Gisle kom tilbake til Sandnes, skjønte Kristina at noko var gale. Han var konstant ute og gjekk, hadde det openbert vanskeleg. Gisle stod i kø for kommunal bustad, men hadde ingen stad å bu i mellomtida.

Saman gjekk dei til bustadkontoret for å få svar. Der fekk dei beskjed om at han måtte venta.

Gisle kunne anten bu mellombels på hospits eller flytta heim til mora. Han enda opp med å gjera det siste, men det fungerte ikkje i lengda.

Kristina Bjørnsen

Kristina Bjørnsen saknar eit tidsperspektiv for dei som står i kø for kommunal bustad.

Foto: Kristina Liland / NRK

– Eg vart sint då dei føreslo hospitset. Korleis skal ein halda seg unna rus då, spør Kristina.

Når du endeleg føler du har begynt å få tak i problema dine, så har du brent alle bruer, fortel Gisle.

Eit halvt år har gått sidan Gisle flytta inn i leilegheita som Kristina fann til han. Leilegheita ligg berre eit steinkast unna der Kristina sjølv bur.

– Ein gong vart eg spurt om kven som var min reddande engel, som Barbro frå filmen Kunstneren og tyven. Eg svarte at det var Kristina.