Samlar på land – har snart 170

Etter Gaute Opstad (68) frå Bryne blei 50 år har han vore oppteken med å reisa verda rundt. Av 168 land han har vitja har han plukka ut tre favorittar.

Gaute Opstad

GLOBETROTTER: At Gaute Opstad har vore verda rundt kan ein sjå på kleda hans. Hatten er frå Costa Rica medan t-skjorta er kjøpt på Maldivane.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Det finst ikkje ein einaste tur eg angrar på, seier Gaute Opstad, som dei siste 17 åra har hatt sju månader reising og fem månader heimetid kvart år.

Karneval sambaparade i Sao Paulo

#1: Å reisa til Brasil under karnevalveka er Gaute Opstad si varmaste tilråding.

Foto: MAURICIO LIMA / Afp
Paven på Cuba

#2: Musikken og dansen på Cuba er noko alle bør oppleva, meiner Gaute Opstad.

Foto: Anders Tvegård / NRK
Det flytende markedet i byen Can Tho

#3: Folka i Vietnam er så opne og varme at Gaute Opstad har landet med på si topp tre liste.

Foto: Anders Magnus / NRK

Han har vore i 168 ulike land, men har allereie booka billettar til Butan og Nepal, då er han opp i 170 land av dei 195 offisielle landa som finst i verda.

Frå sykkel til cruise

Då Opstad blei 51 år slutta han i jobben sin, og byrja på fulltid med det han likte aller best. I oppseiinga hans stod det: «Jeg har trivdes godt på jobben, men har bare så lyst til å se mer av den store verden».

– Det kjekkaste med å reisa er å treffa alle typar menneske. Eg liker best å gå rundt aleine og snakka med folk som kjem forbi, fortel den nå 68 år gamle mannen som reiser på alt frå cruisebåt-pakketurar til sykkelturar.

Og dersom helsa held, skal Opstad stå på for å vitja dei 25 landa som står att, før han døyr.

Likevel er det land han ikkje vil reisa til i dagens situasjon.

– Eg har høyrt mykje fint om Afghanistan, og dette er eit land eg har lyst å reisa til. Men slik situasjonen er nå reiser eg ikkje der. Eg reiser ikkje inn i krigssonar, fortel han.

Topp tre

NRK ber den røynde globetrotteren om å koma med sine heitaste reisetips. Ei utfordring han tar på strak arm.

– Nummer tre er Vietnam. Her var eg sykkelturist, og gløymer aldri kor godt folka tok imot oss. Det var fantastisk mange flotte menneske me møtte på denne turen, fortel han.

Nummer to på lista til Opstad er Cuba.

– Eg har vore i Cuba fem gonger, og også her er det folka som er viktigast. Sjølv om mange er lut fattige, syner dei ei livglede som er heilt utruleg. Musikken og dansen er også noko eg har blitt glad i på Cuba, seier han.

Førsteplassen er likevel soleklar. Han har både vore cruise-turist og vanleg turist i landet, som han held høgast av alle. Nemleg Brasil.

– Me var så heldige at me fekk oppleva ei veke med karneval i Rio de Janeiro. Dette gløymer eg aldri, og er det absolutt største eg har vore med på. Men vitjar ein landet med cruisebåt er det framleis favorittlandet.

SJÅ VIDEO:

Video Klart for karneval i Rio de Janeiro

Karneval i Rio de Janeiro, mars 2011.

Kjekkast etterpå

Motivasjonen bak reisene til Opstad er å kunne sjå tilbake på eit rikt liv, som handlar om meir enn berre rutinar.

Då kona runda 62 år, og blei pensjonist, blei også ho med på reisene. Og saman deler dei nå mange heilt spesielle minner saman.

Og sjølv om reisa i seg sjølv er kjekk, er det nettopp minna Opstad sett mest pris på.

– Ein tur er kjekkast når me kjem heim, og kan tenka på alt me har opplevd. Eg har aldri trega på ein tur. Eg er eit sosialt menneske, og drøser med og kjem tett på folk som eg treff, avsluttar han.