Samla avfall i Smedasundet
Under årets miljødugnad i Smedasundet i Haugesund, henta 66 dykkarar opp mellom fire og seks tonn avfall. Dette kjem på toppen av dei 27 tonna med avfall som alt er henta opp frå havbotnen mellom Smedasundet og Kvalsvik, opplyser arrangøren i ei pressemelding.