Hopp til innhold

Sambuarpar omkom i brannen

Det var sambuarparet Magda Maria Jansen (62) og Helge Johannessen (63) som omkom i brannen på Jørpeland onsdag.

Brann Jørpeland

Namna på dei omkomne i brannen på Jørpeland onsdag er nå frigjevne av politiet.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Dei avdøde blei obdusert i dag, torsdag.

– Pårørande er varsla, men den endelege obduksjonsrapporten er ikkje klar. Dermed kan me ikkje slå fast dødsårsaka, seier politioverbetjent Arild Kleven ved Strand og Forsand lensmannskontor til NRK.

Han fortel at det ikkje er noko nytt når det gjeld brannårsaka.

Vanskeleg jobb for politiet

Brann på Jørpeland

Bilete frå brannen på Jørpeland onsdag.

Foto: Lars E. Barka

Det var onsdag ettermiddag, i 17-30-tida, brannvesenet melde om full overtenning i ein leilegheit på Barka på Jørpeland i Strand kommune.

Brannen var eksplosjonsarta, ifølge brannvesenet. Seinare på kvelden melde politiet om at to personar var funne omkomne etter brannen.

Det er vanskeleg for politiet å jobba i det nedbrende huset på Jørpeland, og politiet fryktar taket kan rasa saman.

– Det er usikkert kort trygt det er å jobba i huset, så nå må me sjå på moglegheita for å få sikra taket før kriminalteknikarar kan gjera sine undersøkingar, sa lensmann i Strand og Forsand, Geir Fatland, til NRK tidlegare i dag.

Bygningen sikra

I ettermiddag fortel politioverbetjent Kleven at dei ennå ikkje har fått gjort undersøkingar på staden.

Det er også ein barnehage og ein veterinærklinikk i bygningen som brann.

– Bygningen er sikra og barnehagen jobbar nå med å finna nye lokale. Elles er det ingen personar som får lov til å vera i lokala nå, opplyser Kleven.

Lensmannen om dødsbrannen

VIDEO: Lensmann Geir Fatland fortel om dødsbrannen på Jørpeland.