NRK Meny

SAMARBEID OM UNGDOMSSKOLE:

Ein ny ungdomsskule sør for Nordlys-
vegen ved Bryne kan stå klar til bruk 
i 2020, skriv Jærbladet. I staden for å utvida Bryne ungdomsskule meiner rådmannen i Time det er meir lønsamt å samarbeida med Klepp kommune om ein ny skule med plass til 450 elevar. Rekninga for dei to kommunane er rekna til 245 millionar kroner.