Hopp til innhold

Fleire bønner på norske middagsbord

HAUGESUND (NRK): Belgfruktene har gått frå å vere statistar til hovudrolleinnehavarar på mange middagstallerkenar. Dei siste åra har salet av bønner, linser og kikerter eksplodert.

Bønner og linser stekt med søtpotet, løk, hvitløk, chilli og koriander.

RASK MIDDAG: Bønner og linser steikt med søtpotet, løk, kvitløk, chili og koriander.

Foto: Rosa Irén Villalobos / NRK

– Det som er interessant er at desse produkta har stått i same hylla i alle år. Dette er ikkje produkt vi aktivt har gått ut og marknadsført, seier kommunikasjonssjef i Norgesgruppen, Kine Søyland.

Hos Norgesgruppen har salet av hermetiske bønner, linser og kikerter tatt heilt av. I 2019 selde butikkane i gruppa (Joker, Kiwi, Meny, Nærbutikken og Spar) 3000 tonn av desse produkta. Salet har auka over 20 prosent på to år.

Kine Søyland

INGA MARKNADSFØRING: Kommunikasjonssjef i Norgesgruppen, Kine Søyland seier det er nordmenn sjølv som har funne fram til bønnene og linsene i hyllene.

Foto: Norgesgruppen

Tal NRK har henta inn viser at også daglegvarekjedene Coop og Rema 1000 har hatt tilsvarande eller større auke. Coop selde 7 prosent meir bønner, 16 prosent meir kikerter og erter og 50 prosent meir linser i fjor samanlikna med 2017.

Rema har ikkje opplevd auke for alle belgfruktprodukta sine. Likevel, trass i ein ein generell salsnedgang selde kjeda seks prosent meir kikerter og 34 prosent meir grøne linser fra 2017 til i fjor.

Et det kroppen vil

Lisbeth Aase Spies har i løpet av halvanna år gått frå å vere kjøttetar til å bli fleksitarianar. Ho et framleis fisk. Men vegetarrettar med bønner eller liknande alternativ er den nye favoritten.

– Eg merkar at eg har byrja å eksperimentere meir på kjøkkenet. Det fantastisk gøy å finne nye rettar å lage av både bønner og linser. Og eg liker godt konsistensen på dei, seier Spies.

I kvardagen bruker ho både linser, bønner og spirar i ulike variantar.

Lisbeth Aase Spies lager ofte middagsretter med bønner og linser

SPELAR HOVUDROLLA: Bønner og linser er ein sjølvskriven ingrediens i matrettene Lisbeth Aase Spies lagar til seg sjølv og familien.

Foto: Rosa Irén Villalobos / NRK

– Eg samanliknar dei med ein vokalist i eit band. Rettane mine er ikkje komplette utan at eg har tilsett ein variant av dei, seier ho.

Også mannen og dei tre barna hennar har byrja å ete meir av dei proteinrike matvarene.

– Men dei er ikkje så hekta som meg, seier trebarnsmora.

Mangedobling på 20 år

Bønnene og inntoget av linsene i det norske kjøkkenet har skjedd gradvis. Og over fleire tiår.

Helsedirektoratets kosthaldsrapport «Utviklinga i norsk kosthald 2019» viser at engrosforbruket av bønner har gått opp frå litt over 3000 tonn til godt over 8000 tonn frå 1999 til 2019.

Det er nær tre gonger så mykje.

Dhal på røde linser

FARGERIKT: Dhal på raude linser er ein av mange rettar der belgfrukter speler ei stor rolle.

Foto: Tone Rieber-Mohn / NRK

I same periode har engrosforbruket av linser gått frå 100 tonn til 600 tonn.

Samstundes har det norske kjøtforbruket har auka jamnt og trutt heilt sidan Helsedirektoratet starta målingane sine. Heilt til 2017.

I 1953-55 var engrosforbruket av kjøt 33,3 kilo per innbyggjar. I 2017 var det 71,6 kilo. Så starta pila å peike nedover. I fjor var gjennomsnittet 69,5 kilo per nordmann.

Komme for å bli

Kommunikasjonssjef Kine Søyland i Norgesgruppen meiner at auken i salet av bønner, erter og linser er eit klart teikn på at vegetartrenden har komme for å bli.

Tidlegare i år skreiv NRK om at kjøttbransjen vil kapre fleksitarianarane. Dette skjer ved at stadig fleire kjøtterstattarar kjem på marknaden. Desse blir godt marknadsførte.

Bønner, linser og kikerter får derimot ingen promotering eller fancy innpakning.

– Ein ting er at folk kjøper ferdige vegetarprodukt. Noko heilt anna er å kjøpe ingrediensar som kikerter og bønner, og lage vegetarbaserte rettar sjølv, seier Søyland.