Hopp til innhold

Saknar sprekare fellesrom

Det er lite som innbyr til aktivitet på dette vesle fellesområdet på Siriskjær i Stavanger aust, meiner styreleiaren i Stavanger Arkitektforeining. Ho utfordrar nå til å planlegga grøntområde før det blir planlagt bustadar.

Byrom Siriskjær

GOD PLASS: Tomme stolar på eit friområde på Siriskjær i Stavanger aust. Uterom som dette kan utnyttast betre, meiner styreleiaren i Stavanger arkitektforeining.

Foto: Erik Waage

– Det er ein grå dag med kald nordavind, men området oppfordrar ikkje til aktivitet slik det er i dag. Me må øva oss i å bygga slike mellomrom på ein best mogleg måte, seier Alexandria Algard, styreleiar i Stavanger Arkitektforeining.

Ho har fått med seg ein arkitektkollega frå Danmark og ein av rådgivarane i Rogaland fylkeskommune. Og det er ikkje akkurat kamp om benkplassane i fellesområdet på Siriskjær (sjå biletet i ingressen).

Det har sin forklaring, ifølge arkitekten.

– Mange av desse romma mellom dei nye bustadområda våre må oppfordra til aktivitet og at folk kan møtast. Det er ikkje godt nok med ein benk med utsikt, seier Algard.

Dansk arkitekt ikkje imponert

Alexandria Algard

Alexandria Algard, styreleiar i Stavanger Arkitektforeining.

Foto: Erik Waage

Det blir bygd tettare og høgare, langt ut over Stavanger og Sandnes sine grenser, og færre av oss har eigen hage. Då blir fellesområda utandørs og dei grøne lungene viktigare.

Men heller ikkje den danske arkitekten Nanna Gyldholm Møller lar seg imponera av trestolane på Siriskjær.

– Det er kanskje mange andre plassar ein heller vil sitja. Kor ein er meir skjerma frå vegen og har utsikt mot sjøen, seier København-arkitekten i selskapet BIG CPH.

Ny metode i planlegginga

Tom Gyran

Tom Gyran, rådgivar og arkitekt i Rogaland fylkeskommune.

Foto: Erik Waage

Men det finst gode eksempel på fellesrom, også i Stavanger aust, ifølge arkitektane.

Både den norske og den danske arkitekten er imponerte over kvartalet Oransjeriet ved Ostehuset på Storhaug.

Kvartalet fekk byggeskikkprisen i fjor og parkområdet i midten viser at det ikkje treng å vera så komplisert å laga gode løysingar, ifølge Alexandria Algard.

Ho oppfordrar nå til å planlegga dei såkalla mellomromma før hus og leilegheiter.

– Å laga gode fellesplassar først er nesten ein ny metode for å utvikla nye område på, meiner ho.

Livet mellom husa

Rådgivar og arkitekt i Rogaland fylkeskommune, Tom Gyran, meiner den nye metoden kan bli følgt i større grad enn i dag.

– Ofte har ein planlagt bygningane, så har ein fått areal mellom bygningane ein lurer på kva skal brukast til. Nå tenkjer ein meir på livet mellom husa og at det må vera utgangspunkt for planlegginga.