Sakna etter bading på Jæren – ein mann er henta opp av sjøen
Klokka 13.57 fekk politiet inn melding om at ein person var sakna i samanheng med bading på Orrestranda i Klepp. Naudetatane rykka ut og HRS er også med på redningsaksjonen.
– Ein personar lokalisert og det blir nå jobba med å hente hen opp på land, sa redningsleiar Eivind Bøe til NRK.
Litt seinare kunne han bekrefta at ein mann var henta opp på land.
Luftambulanse er på staden og brannvesenet har også kome dit med dykkarar.