Kvinna har i politiavhøyr peika ut Schumann på to ulike bilete av han.
Avhøyret av kvinna vart gjort i mars 2005, nesten 16 månader etter at Toska og sambuaren hans tok inn på Ålgård hotel. Då hadde bilete av Schumann vore på fjernsyn, i aviser og på internett i mange månader og kvinna kan derfor ikkje utelukka at nettopp det er årsaka til at ho kjenner att Schumann.
Kvinna fortalte at Toska og sambuaren kom til hotellet med babyen og leigde to rom. Etter ei stund gjekk Toska ut, og kom tilbake med ein mann. Det er denne mannen ho meiner kan vera Kjell Alrich Schumann.
Schumann nektar
Schumann har tidlegare nekta for at han møtte David Toska på Ålgård hotel i november 2003. Han held fast på at han møtte Toska for første gong på ein internettcafe i Stavanger i januar 2004. Schumann seier også at årsaka til at han flytta til Stavanger var fordi politiet hadde prøvd å pågripe han på austlandet, og han ville halda seg i skjul på Vestlandet.
Også David Toska nekta i si forklaring for at Schumann besøkte han på Ålgård Hotel i november 2003.
Toska nektar for at han hadde planar om noko kriminelt då han flytta til Stavangerområdet. Han har forklart at han frykta at han skulle bli varetektsfengsla på austlandet.
Såg ikkje Andersen
Både David Toska og Lars Erik Andersen har forklart at det var Andersen som var på Ålgård hotel i lag med Toska og sambuaren. Andersen kom, i følge deira forklaringar, til hotellet i lag med paret og det var også han som skreiv seg inn på hotellet. Men den hotelltilsette som vitna i retten i dag kan ikkje huska å ha sett Lars Erik Andersen, og kjende han ikkje igjen i retten i dag. Andersen kjende derimot igjen den hoteltilsette og har forklart at det var han som skreiv seg inn og brukte eit falskt navn.
Schumann sin forsvarar, Morten Furuholmen, vil derfor ha ei skriftanalyse av denne signaturen i boka til Ålgård hotel. DNA frå Lars Erik Andersen er også funne på eit nøkkelkort frå Ålgård Hotel som politiet fann i leiligheten Toska leigde i Smedaheia i Sandnes