Hopp til innhold

Sa nei takk til vekslepengar

Vard sine fotballjenter selde kaffi og kaker i Haugesund sentrum i dag. Inntektene skulle hjelpe ei av lagvenninnene til å få bli i landet. Mange byfararar betalte kraftig overpris på det dei fekk servert.

Fekk hjelp av lagvenninner på fotball-laget

Hawjin (11) og Nawjin (9) fekk hjelp av lagvenninnene på jentelaget til Vard.

Foto: Gisle Jørgensen / NRK

– Det var fleire som betalte med store setlar og som ikkje ville ha vekslepengar. Dette var ei sak dei ville støtta opp om.

Det seier Kjetil Våge, ein av initiativtakarane til støtteaksjonen for dei to søstrene Hawjin (11) og Nawjin (9). Den yngste av dei to spelar på fotball-laget, der dottera til Våge er med.

Lagvenninnene på Vard sitt jentelag og Kjetil Våge stiller opp

Kjetil Våge tok initiativ til at legvenninnene til Hawjin og Nawjin, skulle samle inn pengar til dei.

Foto: Gisle Jørgensen / NRK

– Då eg fekk vita at familien hadde fått beskjed om å reise frå landet, så tenkte eg og fleire andre i fotball-laget, at dette burde lagvenninnene engasjere seg i, seier Våge.

Les også: Kastes ut på grunn av fars rulleblad

Ingen fleire sjansar til å anke

Naser Alinejad og Nahmil Razulpool kom frå Iran til Noreg i 2003, og busette seg i Haugesund. Dei to døtrene deira blei begge fødd i byen.

Den utviste faren til jentene, stilte også opp på arrangementet i Haugesund

Faren til jentene, Naser Alinejad, stilte også opp på arrangementet i Haraldsgata i Haugesund.

Foto: Gisle Jørgensen / NRK

Rett etter påske fekk dei nei på ein siste søknad om å få bli, og i dette avslagsbrevet frå Utlendingsnemnda (UNE), fekk familien beskjed om å reise frå landet. Dei fekk alt i 2006 eit endeleg avslag, men har klart å utsetje utreisa til nå.

Rettssak er siste moglegheit

Det som står att er at familien kan gå til rettssak mot UNE sitt vedtak, men det kjem til å kosta 160 000 kroner. Til nå har gode vener samla inn om lag 20 000, og Vardjentene sin innsats på laurdag føremiddag auka kontoen med om lag 7 000 nye kroner.

Det er Astri Pedersen frå Haugesund, som har stilt seg i spissen for innsamlinga. Ho kom med denne meldinga på Facebook på laurdag ettermiddag:

Laga kafé for å samle inn pengar

Ingen skulle vera i tvil om kva inntektene frå kaféen gjekk til.

Foto: Gisle Jørgensen / NRK

– Flinke vardjenter sørgde for over 7000,-kr på kafeen sin i dag til inntekt for vennene sine Hawjin og Nawjin Flott måte å vise at en bryr seg på
Tusen takk til dere alle og til dere som bakte.