Hopp til innhold

Så mykje elska dei Spice Girls

Sjå reportasjen frå 1997 – då det britiske jentebandet «Spice Girls» hadde blodseriøse fans land og strand. I Stavanger hadde dei ei eiga minigruppe.

Sjå reportasjen frå 1997 – då det britiske jentebandet «Spice Girls» haddde blodseriøse fans land og strand.

►ROGALAND RETRO: Innslaget blei sendt i Rogalandsnytt 7. mai 1997.

Spice Girls kom ut med sin første single, «Wannabe», i 1996. Det tok ikkje lang tid før dei blei super-populære. Og året etter hadde allereie Isabelle Cau frå Stavanger stifta gruppa Mini-Spice Girls i Stavanger.

Kvar av jentene i gruppa hadde sin karakter dei spelte frå det opphavlege Spice Girls.

Då Øystein Ellingsen i NRK Rogaland fekk nyss i Mini–Spice Girls, blei dette minneverdige innslaget laga.

Send inn tips

«Rogaland retro» er ein serie der NRK Rogaland kvar fredag legg ut TV-klipp frå arkivet på nettet.

Har du tips til innslag du vil sjå i reprise; send e-post til NRK Rogaland.

Rogaland retro

Kvar fredag legg NRK Rogaland ut eit arkivklipp i serien Rogaland retro.

Foto: Mathias Oppedal / NRK