Sa ja til kjøp av stadion

Eit samrøystes formannskap i Haugesund kommune sa i dag ja til å kjøpa FK Haugesund AS sin del i Haugesund stadion. Det skriv Haugesunds avis. Det vil kosta kommunen 39 millionar kroner og kjøpa 60 prosent av aksjane i stadion frå FKH. Nå går saka vidare til bystyret, dei skal truleg behandla saka i slutten av september.