Hopp til innhold

Rygga bilen inn vindauget i fotobutikk

Politiet leitar etter to menn etter at nokon rygga ein bil inn i ein fotobutikk i Stavanger sentrum tidleg fredag morgon. Verdiar for to millionar kroner kan vere stole.

Bilde fra overvakingskamera under innbrot hos Stavanger Foto i Lars Hertervigs gate

To menn blei sett springe frå staden etter at nokon rygga ein bil inn hos Stavanger foto i sentrum tidleg fredag morgon. Bilete frå overvakingskamera.

Foto: Politiet

Politiet fekk melding om hendinga dei kallar «sjokkbrekk» litt før klokka 04.30. Dei har rykka ut med alle tilgjengelege ressursar, skriv dei på Twitter.

Fotobutikken ligg i Lars Hertervigs gate i sentrum. Ingen var der då politiet kom fram. Igjen på staden sto bilen som blei brukt til å rygge inn butikkvindauget. Med motoren som gjekk.

Innbrot hos Stavanger foto i Lars Hertervigs gate

Bilen som blei brukt til å rygge inn gjennom butikkvindauget, stod igjen utanfor butikken.

Foto: Einar Espeland / NRK
Innbrot hos Stavanger foto i Lars Hertervigs gate

Bilen stod med motoren i gang då politiet kom fram. I morgontimane blei han taua vekk.

Foto: Einar Espeland / NRK

– Det er eit litt vanskeleg søk, seier politiet sin innsatsleiar, Stein Torjussen.

Han seier politiet svært gjerne vil snakke med folk som var i sentrum i den tida innbrotet skjedde.

Har fått vitneskildring

Eit vitne såg to maskerte menn springe frå staden. Ifølgje Torjussen har vitnet komme med ei skildring av korleis dei såg ut.

Innbrudd Stavanger foto

Krimteknikarar gjorde undersøkingar på åstaden i føremiddag.

Foto: Håkon Vårhus Sagen / NRK

Det er ikkje kjent kor store verdiar som er borte frå butikken. Men at det er mykje, er Arnt Ove Jøsang, som driv butikken, ikkje i tvil om.

– Eg kan sjå frå utsida at dei har vald dei dyre skåpa, seier han.

Jøsang anslår at verdiar for opp mot to millionar kroner kan vere borte.

Arnt Ove Jøsang

Arnt Ove Jøsang.

Foto: Håkon Vårhus Sagen / NRK

Politiet ser ikkje vekk frå at dei kan ha hatt ein fluktbil ståande i nærleiken. Det gjer heller ikkje Jøsang. Han trur tjuvane må ha hatt ein annan bil som dei har fylt opp med varer før dei har stukke frå staden.

– Ingenting kan stoppe dei

Ei liknande hending skjedde i 2016. Då blei alle hyllene tømt for dyrt fotoutstyr, og eigaren var fortvila. Den gongen skjedde innbrotet ved 03-tida om natta, og få dagar etter eit brekk av same typen hos ein elektronikkbutikk i same område.

– Eg trur ikkje ein kan sikre seg mot slikt. Når dei køyrer bil inn i butikken, er det ingenting som kan stoppe dei, seier han.

Ifølgje Jøsang fant politiet aldri ut kven som sto bak innbrotet for snautt fire år sidan.

Innbrot hos Stavanger foto i Lars Hertervigs gate

Butikken har gitter framfor vindauga, men det hjelpte ikkje då tjuvane brukte bil for å komme seg inn.

Foto: Håkon Vårhus Sagen / NRK