Hopp til innhold

Søppelet flyt på kystperler i Ryfylke

Til og med på naturreservet finn ein q-tips, bildekk og plastkanner, men ingen tek ansvaret for oppryddinga.

Søppel i Ryfylke
Foto: Øyvind Ellingsen

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima
Søppel frå Ryfylke

RYDDESJAU: Dette er berre eitt av lassa Statens vegvesen har teke med seg i ryddearbeidet på Sør Hidle. Det er ikkje deira ansvar å ta det med seg, men ingen andre vil gjera jobben.

Foto: Øyvind Ellingsen / Vegvesenet
Plastfibrar frå Ryfast

SØPPEL FRÅ TUNELL-BYGGING: Dette er plastarmering og skyteleidning frå Ryfastutbygginga.

Foto: Håkon Fossmark / Naturvernforbundet i Rogaland

Vegvesenet er i desse dagar ute å ryddar opp i søppel som hamna i sjøen i samanheng med bygginga av det undersjøiske vegsambandet Ryfast. Men det er ikkje berre deira eige søppel som dukkar opp under ryddinga.

I strandkanten på naturperler og på naturreservat som på Hidlekjeøy flyt det nærmast med søppel.

– Eg er veldig overraska over mengda anna søppel me finn. Det er alt frå fulle hagemøbelsett til store mengder bildekk, forklarer Øyvind Ellingsen i Vegvesenet.

– Det blir som å tru på julenissen

Det er han som er ansvarlege for oppryddinga etter at det blei dumpa store mengder plastarmering og skyteleidning i fjorden. Han har eigentleg berre ansvaret for å plukka med seg Vegvesenet sitt søppel, men seier at dei ikkje overser alt det andre søppelet dei finn.

– Når me først er her så tek me med oss alt. Sjølv om det ikkje er vårt ansvar, så har me jo eit samfunnsansvar. Me har prøvd å få andre til å ta det, mellom anna kommunane, men slik det er nå er det me som tek det, seier Ellingsen.

Hans Olav Sandvoll, som er dagleg leiar i Ryfylke Friluftsråd, dei ryddar og held orden på dei typiske utfartsplassane for båtfolket i Ryfylke. Men har ingen moglegheit til å rydda over alt.

– Norge har litt over 100.000 kilometer lang strandlinje. Det blir som å tru på julenissen at me skal få bukt med søppelproblemet med hjelp av litt friluftsråd og litt kommunal strandrydding, seier Sandvoll.

Han meiner at søppelet er eit problem for alle.

– Vegvesenet får i alle fall ta med seg det dei har forsøpla, så får dei heller frustrera seg saman med oss over alt det andre, seier han.

Første portal er klar

Her i Stavanger startar ein av tunnelane i Ryfast-sambandet.

Foto: Øyvind Ellingsen / Statens vegvesen

Arrangerer ryddeaksjonar

Erik Thoring i naturvernforbundet i Rogaland er ikkje overraska over alt søppelet dei finn.

– Dette er søppel som flyt i land, og det er vanskeleg å få bukt med. Når me arrangerer ryddeaksjonar så ser me at mykje av det er byggeavfall som isopor og plast som har blåst på sjøen.

– Ein skulle tru at det blei mindre og mindre forsøpling, men det gjer det dessverre ikkje, avsluttar Thoring.