Vegvesenet er i desse dagar ute å ryddar opp i søppel som hamna i sjøen i samanheng med bygginga av det undersjøiske vegsambandet Ryfast. Men det er ikkje berre deira eige søppel som dukkar opp under ryddinga.
I strandkanten på naturperler og på naturreservat som på Hidlekjeøy flyt det nærmast med søppel.
– Eg er veldig overraska over mengda anna søppel me finn. Det er alt frå fulle hagemøbelsett til store mengder bildekk, forklarer Øyvind Ellingsen i Vegvesenet.
- Les òg:
- Les òg:
– Det blir som å tru på julenissen
Det er han som er ansvarlege for oppryddinga etter at det blei dumpa store mengder plastarmering og skyteleidning i fjorden. Han har eigentleg berre ansvaret for å plukka med seg Vegvesenet sitt søppel, men seier at dei ikkje overser alt det andre søppelet dei finn.
– Når me først er her så tek me med oss alt. Sjølv om det ikkje er vårt ansvar, så har me jo eit samfunnsansvar. Me har prøvd å få andre til å ta det, mellom anna kommunane, men slik det er nå er det me som tek det, seier Ellingsen.
Hans Olav Sandvoll, som er dagleg leiar i Ryfylke Friluftsråd, dei ryddar og held orden på dei typiske utfartsplassane for båtfolket i Ryfylke. Men har ingen moglegheit til å rydda over alt.
– Norge har litt over 100.000 kilometer lang strandlinje. Det blir som å tru på julenissen at me skal få bukt med søppelproblemet med hjelp av litt friluftsråd og litt kommunal strandrydding, seier Sandvoll.
Han meiner at søppelet er eit problem for alle.
– Vegvesenet får i alle fall ta med seg det dei har forsøpla, så får dei heller frustrera seg saman med oss over alt det andre, seier han.
Arrangerer ryddeaksjonar
Erik Thoring i naturvernforbundet i Rogaland er ikkje overraska over alt søppelet dei finn.
– Dette er søppel som flyt i land, og det er vanskeleg å få bukt med. Når me arrangerer ryddeaksjonar så ser me at mykje av det er byggeavfall som isopor og plast som har blåst på sjøen.
– Ein skulle tru at det blei mindre og mindre forsøpling, men det gjer det dessverre ikkje, avsluttar Thoring.