NRK Meny
Normal

Ryddar i skiltinga på Haugalandet

No skal det bli enklare å finna fram.

kart

Slik ser skiltplanen for Haugalandet ut

Foto: Statens vegvesen


Statens vegvesen ryddar i skiltinga på Haugalandet, då trafikantar som ikkje er kjent på Haugalandet får fort litt problem med å finne fram.

Eit eksempel: Før måtte folk til Skudeneshavn for å ta ferje til Mekjarvik på sørsida av
Boknafjorden. Ferjesambandet blei lagt ned for to år sidan, men skilta står framleis.
Dette er bare eit av fleire eksempel på forvirrande skilting. No tek Statens vegvesen grep.


Vil styre trafikken


- Vi ryddar for at folk som ikkje er lokalkjente lettare skal finne fram. Også
tungtransportsjåførar, spesielt ein del utanlandske, har problem med å finne fram når dei skal levere varer, seier Ivar Thorkildsen, seksjonsleiar på plan- og forvaltningsseksjonen i Statens vegvesen i Haugesund.


- Vi skal rydde opp i gammal skilting, sette opp skilt der det manglar, pluss ta vekk feil og unødvendige skilt. Eit anna viktig poeng er at vi ynskjer å styre trafikken til vegar som er enkle å finne fram på, trafikksikre og med god framkomst, poengterer Thorkildsen.


På plass i 2016


Målet er at alle skilt er på plass innan våren 2016. Kommunane Haugesund, Karmøy og
Tysvær og andre er velkomne til å kome med innspel.


- Vi ynskjer innspel frå kommunar og andre interesserte. Etter denne runden må skiltplanen spikrast, vi må ha pengar og arbeidet må ut på anbod. Difor tek dette litt tid, forklarer Thorkildsen.