Hopp til innhold

– Me vil hjelpa russen som kjem etter oss

I dag har melding om eksamen på måndag sett ein brå stoppar for russefeiringa til mange. I Stavanger gjekk russen til demonstrasjon.

Russedemonstrasjon

Øyvind Schothorst (i midten) er viserussepresident på Hetland vidaregåande skule i Stavanger. Han seier at dagens demonstrasjon var for å hjelpa framtidige russ.

Foto: Kjersti Hetland / NRK

«Tut for flytting av eksamen» står det på plakatane.

Midt i ei rundkøyring i Stavanger har russen samla seg, for å hjelpa dei som kjem etter, fortel Øyvind Schothorst, viserussepresident på Hetland vidaregåande skule.

– Me er inspirert av russen før oss, som var opptekne av andre ting enn å berre kasta mjøl og egg på kvarandre. Me vil nå hjelpa dei som kjem etter oss ved å leggja press på regjeringa, slik at den komande russen får ei betre eksamensordning enn det me har, seier Schothorst.

I dag har melding om eksamen på måndag sett ein brå stoppar for russefeiringa til mange. I Stavanger gjekk russen til demonstrasjon.

Russ demonstrerte i Stavanger i dag. (Foto: Kjersti Hetland)

– Burde ikkje kome så tett på 17. mai

Russen på Hetland veit kva dei snakkar om. Det er to dagar til russefesten er over, men allereie i dag har russ over heile landet fått vita kva fag og når dei skal opp til eksamen. For Ole Kristian Larssen og Benedicte Gjersdal startar det allereie på måndag med matteeksamen.

– Eksamen burde i alle fall ikkje kome før tysdag, når 17. mai er på laurdag, nå får eg ikkje førebudd meg så godt som eg hadde ønskt, seier Gjersdal.

Larssen er samd.

– Dette øydelegg ein del av russefeiringa, nå får den ikkje den avslutninga den burde, seier han.

Ønsker fullt fokus på skule

For å hindra at eksamen blir ein festbrems i framtida, vil russen her flytta den skriftlege eksamen til før 17. mai, byrja russetida på grunnlovsdagen, feire nokre veker, og så ha munnleg eksamen.

– Eg meiner det er russen vel unnt å feira enden på 13 år med skulegang. Me må derfor få til ei ordning der russetid samt fullt fokus på skulen kan bli teke vare på, seier Atle Simonsen, leiar i FpU, og medlem av opplæringsutvalet i Rogaland fylkeskommune.

Han har fremma forslag om å få Rogaland til å søkja om å vera med på ei prøveordning.

– Me vil ha eit prøveprosjekt der me skil russetid og eksamen, slik at det blir slutt på at russetida øydelegg for eksamen. Administrasjonen ser nå på korleis ein kan gjennomføra dette reint praktisk.

Møter motstand i administrasjonen

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen uttalte på høgre sitt landsmøte i helga at han ikkje ville vurdere flytting av eksamen før ein har sett resultatet av slike prøveordningar.

Førebels er det berre Akershus som formelt har søkt om å få flytte eksamen.

I Rogaland fortel direktør for utdanning, Joar Loland, at det kan bli kostbart om berre nokre få fylke skal flytte eksamen.

– Det er eit svært prosjekt å flytta eksamen. Her er det snakk om svært mange eksamenar som skal produserast og kvalitetssikrast. Dersom ein skal få til dette arbeidet, slik eg ser det nå, kan me ikkje vera aleine om det. Då må alle med, seier Loland.

Atle Simonsen trur likevel det kan vera bra å vera forsøkskanin.

– Det er slik at me må byrja ein plass. Eit prøveprosjekt kan i neste omgang føra til at me kan gjennomføra dette i heile landet, seier Simonsen.

Men flytting av eksamen blir det uansett ikkje i år. Og blir det mindre festing på 17. mai, sjølv om ein har eksamen på måndag?

– Eg kjem til å gå i tog, men på 16. mai kjem eg ikkje til å gå ut, så dette blir ei roleg helg, seier russ Ole Kristian Larssen.

Simon Vestre, Ingrid Isene og Karl Martin Andersen har nett fått vita kva dei kjem opp i til eksamen. Dei satsar på å kombinera eksamenslesing med sjølv om dei meiner at det er krevjande.

Simon Vestre, Ingrid Isene og Karl Martin Andersen har nett fått vita kva dei kjem opp i til eksamen. Dei satsar på å kombinera eksamenslesing med sjølv om dei meiner at det er krevjande. (Foto: Rebeca Mabda Bjerga)