Hopp til innhold

Dette var einaste vegen til scenen

Ungdommens kulturmønstring skal vera eit arrangement for alle ungdommar. For pianist Mikias Tesfaye, som sit i ein tung rullestol, blei det likevel for risikabelt.

Rampe inn til Lundetun

PROVISORISK LØYSING: Mikias Tesfaye køyrer ein tung rullestol og fekk beskjed om å entra scenen via denne rampa i kulturhuset Lundetun på Moi i Lund kommune.

Foto: Tipsar

– Eg føler at eg på lik linje med andre har rett til å framføra musikk, og vera saman med dei andre som opptrer på UKM.

Det seier Mikias Tesfaye, som hadde gleda seg til han skulle spela elpiano saman med Lundheim folkehøgskule sitt band under Ungdommens kulturmønstring på Moi for to veker sidan.

Slik gjekk det ikkje. På grunn av den tunge rullestolen han sit i, måtte han sjå sitt eige band ta seg vidare til fylkesfinalen frå salen.

Mikias Tesfaye

BANDMEDLEM: Mikias Tesfaye skulle spela elpiano saman med Lundheim folkehøgskule sitt band, men måtte sjå at dei tok seg vidare til fylkesfinalen frå salen.

Foto: Privat

– Kunne gått gale

Inghild Vanglo

REAGERER. Leiar for Rådet for funksjonshemma i Rogaland fylkeskommune, Inghild Vanglo (Ap), seier at det framleis er ein stor del kommunale publikumsbygg som ikkje er gode nok på universell utforming.

Foto: ROGFK

Konserten føregjekk på Lundetun, som er kulturhuset i Lund kommune. Dersom han ville opp på scena måtte han over ein provisorisk treplatting, utan gelender og over ei halvannan meter djup grop.

– Eg sa først ja til dette, før generalprøven, men då eg køyrde over innsåg eg kor farleg dette var og kor gale det kunne gått, seier han.

Generalprøven blei utført i visse om at han måtte same veg tilbake. Då han kom seg heilskinna ut av bygget, bestemde han seg for at han ikkje ville over rampa igjen. Han melde seg altså av konserten.

– Må ha større fokus på tilgjenge

– Eg blir lei meg av å høyra dette. Det går nesten ikkje an, seier Inghild Vanglo (Ap), som leiar Rådet for funksjonshemma i Rogaland fylkeskommune.

Ho meiner at tilbodet Mikias fekk ikkje var verdig, og at eit UKM-arrangement aldri burde blitt lagt til ein scene som ikkje er tilrettelagt for alle.

Olav Hafstad

Olav Hafstad (Ap) er ordførar i Lund. Han seier at det er viktig for kommunen at alle skal koma til over alt i den grad det let seg gjera.

Foto: Rebekka Bjerga / NRK

– Me har stort fokus på tilgjenge, men ser jo når slike ting skjer, at me kanskje bør ha endå større fokus på det, seier nestleiar Anne Mofoss Hybertsen i UKM Norge. Det er dei som på oppdrag for Kulturdepartementet har ansvar for at UKM er ope for all ungdom.

Skal bli betre i Lund

At det ikkje er lagt betre til rette er det kommunen som er ansvarlege for, og ordførar i Lund, Olav Hafstad (Ap), lover å ordna opp.

– Eg vil sørga for at slikt ikkje skal skje på ny. Eg har kontakta rådmannen og administrasjonen om at me skal få på plass ei god løysing som er permanent, seier han. Han legg til at målet må vera at rullestolbrukarar kan entra scenen frå innsida av salen.

Lundheim-band gjekk vidare til fylkesfinalen som blir arrangert i Tysvær i april utan elpiano. Men då håper Mikias at også han kan bli med opp på scena, og at fokuset kan vera på pianoet, ikkje på rullestolen.

– Viss det er tilrettelagt i Tysvær så blir eg sjølvsagt med, seier han.