NRK Meny
Normal

Røykutvikling på Rogaland Teater

Ein elektrisk feil var truleg årsaka til full brannalarm på Rogaland Teater torsdag kveld.

Konstituert brigadesjef i Brannvesenet Sør-Rogaland fortel om røykutviklinga på Rogaland Teater.

Konstirtuert brigadesjef i Brannvesenet Sør-Rogaland, Tormod Mehus, fortel om røykutviklinga på Rogaland Teater.

– Det er ingen fare, og me har situasjonen under kontroll. Det var snakk om litt røykutvikling, seier vaktsjef i Brannvesenet Sør-Rogaland, Kjetil Vier til NRK.no.

Det var like før klokka 19 torsdag kveld politiet fekk melding om røykutviklinga.

Politiet melder at røykutviklinga kan ha kome på grunn av ein elektrisk feil.

– Det var ingen opne flammar, skriv dei på Twitter.

Politiet undersøker saka vidare.