Hopp til innhold

Sparetiltak har gitt ny farge på himmelen

Mange sperrer opp augo over den nye fargesprakande kveldshimmel. – Kan oppfattast som støy, ifølgje lysforskar.

Bak noen trær lyser himmelen opp i en mørk rosa-farge.

Himmelen i Sjernarøy har lyst rosa i det siste, og mange bebuarar i nærområdet har sett undrande på den nye himmelfargen.

Foto: Arild Eskeland / NRK

– Vi har lagt merke til at det er et raudrosa lys på himmelen på kveldstid, men vi aner ikkje kva det er, seier Adinah Bjåstad Crawfurd.

NRK møter henne på Klepp, kor fleire har merka seg den noko unormale himmelfargen som openberrar seg i vintermørket.

Forklaringa på det uvanlege fenomenet er at Grude gartneri i Klepp på Jæren har skifta ut lampene i veksthuset til rosa ledlamper.

– Det handlar om miljø og å spare pengar. Vi bruker 40 prosent mindre straum med desse lampene. I tillegg har vi eit håp om at vi skal auke avlingane med opp mot 20 prosent.

Det fortel dagleg leiar for Grude gartneri, Leif Johan Grude.

Grude gartneri på Klepp lyser rosa i kveldsmørket.

Grude gartneri i Klepp på Jæren lyser rosa i kveldsmørket.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Investering på 12 millionar

Tomatplantene i veksthuset hadde brukt lengre tid på å veksa om det ikkje hadde vore for dei nye rosa LED-lysa.

Og den friske fargen er ikkje tilfeldig.

– Rosa eller raudt lys er det som gir mest lys per kilowatt. Det er det lyset plantene klarer å utnytte best. Det er også litt blått og kvitt i lysa, for at vi skal kunne sjå her inne, seier Grude.

Leif Johan Grude i grude gartneri. Han står mellom to rader med tomatplanter. Bak han lyser led-lampene et rosa lys.

Leif Johan Grude er dagleg leder for Grude gartneri.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

For gartneriet på Klepp handlar lysinvesteringa på 12 millionar kroner først og fremst om å sikre framtida.

– Dette gjer at vi har tru på framtida. Vi veit at det må produserast mykje frukt og grønt, det er eit aukande behov, seier Leif Johan Grude.

Rosa led-lys inne i Grude gartneri i Klepp på Jæren.

De rosa LED-lysene skal gjere at plantene veks raskare, og at gartneriet sparer på straumutgiftene.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Kan oppfattast som visuelt støy

Fleire forskingsrapportar har allereie påpeikt at for mykje kunstig lys om natta er skadeleg for naturmangfaldet, ikkje minst for mange insekt.

Ifølgje ein ny studie har lysforureining auka med 9,6 prosent årleg dei siste tiåra på stadene som forskarane har undersøkt, meldte NTB i januar.

Helga Iselin Wåseth er stipendiat ved Universitetet i Sørøst-Noreg.

Ho skriv ei doktorgradsavhandling som handlar om utelys, og korleis det påverkar naturmangfald.

– Å bytte til lamper med eit lysspekter som er mest mogleg optimalisert for oppgåva er positivt. Både ved at det er meir energieffektivt, men også med tanke på lysforureining, skriv ho i ein e-post til NRK.

Helga Iselin Wåseth

Effektivt lys er positivt for gartnarane, men kan vera støy for menneske og dyreliv, ifølgje Helga Iselin Wåseth. Ho er stipendiat ved Universitetet i søraust-Noreg.

Foto: Marit Sommervold

Lysforureining kan forstyrre nattesvevn og døgnrytme hos menneske, og samtidig har det ein estetisk side.

– For oss menneske kan det rosa lyset oppfattast som meir visuelt støy enn kvitt lys som ser meir nøytralt ut. Lysa påverkar nok planter og dyreliv rundt drivhuset. Derfor bør ein tenke på løysingar som sørger for at lyset ikkje blir spreia ut frå drivhuset.

Les også Nå skal Stavanger dempe lyset om natten: – Vi trenger en lysavrusning

Lys i sentrum av Stavanger.

Fleire gartnarar vil bruke led

Michel Verheul er forskar ved Norsk institutt for bioøkonomi. Han forklarer at raudt og blått lys er best eigna for fotosyntesen, og dermed for plantetilvekst.

Bruk av raudt og blått ledlys brukar omtrent 30–40 prosent mindre energi enn bruk av gulkvite gatelamper som blei brukt før, opplyser han i ein e-post til NRK.

– Det er fleire gartnarar som har fått augo opp for bruk av farga ledlys, særleg etter at straumprisane har auka. Men ei slik investering er kostbar. For å kunne ha ein lønsam produksjon må ein gartnar kunne produsera utover ein tradisjonell vekstsesong.

Verheul oppfordrar forbrukarar til å kjøpe norske grønsaker.

– Status nå er at vi er villige til å kjøpe norske agurkar utover sesongen, men av ein eller annan grunn ikkje tomat. Importtomatar er billigare, men ikkje meir berekraftige enn norske.

Michel Verheul, forsker Nibio

Michel Verheul er forskar ved NIBIO, Norsk institutt for bioøkonomi.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Les også Skoleelever i «Norges matfat» spiser importerte minigulrøtter

Timian Wetteland med gulrotposen